Hopp til innhold

Ordførarskifte på Voss

Ordførar på Voss, Gunn Berit Lunde Aarvik i Arbeidarpartiet, stiller ikkje til attval neste haust.

Gunn Berit Lunde Aarvik (Ap)

Etter 16 år i politikken trekk Gunn Berit Lunde Aarvik (Ap) seg som ordførar før valet neste år.

Foto: Tore Sevheim / NRK

- Eg fann ut at etter 16 år med politikk på høgt plan, åtte år som gruppeleiar og fire år som ordførar, så har eg lyst til å finna på noko anna å gjera på, seier ordførar på Voss, Gunn Berit Lunde Aarvik i Arbeidarpartiet.

Hans-Erik Ringkjøb

Hans-Erik Ringkjøb (Ap) stiller truleg som ordførarkandidat på Voss.

Foto: Rokkansenteret

Ynskjer å gjera noko anna

Ho avviser at avgjerda hennar har noko med den negative presseomtalen partiet hennar har fått den siste tida.

- Avgjerda er tatt fullt og heilt utifrå eit ynskje om å gjera noko anna. Det har ingenting med kraftlinene i Hardanger å gjera, presiserer ho.

Ringkjøb vil ta over

Voss Arbeidarparti samlar seg no om Hans-Erik Ringkjøb som ny ordførarkandidat

– Eg er klar for jobben og har god tru på at eg kan lukkast, seier Ringkjøb i ein kommentar til Avisa Hordaland.