Hopp til innhold

Om tre månader kan du ta Bybanen hit

21. april begynner Bybanen å køyre heilt til Bergen lufthavn, Flesland. Men skal du ta dei tidlegaste morgonflya må du framleis kome deg til flyplassen på ein annan måte.

Busser og taxier Flesland

BANE TIL FLY: Snart vil Bybanen gå heilt til Bergen lufthavn Flesland.

Foto: Christian Lura / NRK

– Vi har blitt einige med Hordaland fylkeskommune om åpningsdagto 21. april, altså rett etter påske, seier lufthavndirektør Aslak Sverdrup.

Turen frå sentrum til flyplassen skal ta 42 minutt.

– Vi forventar at mange vil ta Bybanen til Flesland, men vi kjem nok til å få den fulle effekten når den nye flyplassterminalen opnar i august, seier Sverdrup.

Nye Bergen Lufthavn Flesland skal stå ferdig i 2016

NY FLYPLASS: Nye Bergen lufthavn blir opna i august.

Foto: NSW Arkitekter & Planleggere AS

Rekk ikkje tidlegaste fly

Bybanen skal gå til same tider som i dag, det vi sei at ein kan vere på Flesland og rekke eit fly først klokka 07.

Dermed rekk ein til dømes ikkje det første morgonflyet til Oslo om ein vel Bybanen som transportmiddel til flyplassen.

– På sikt ønsker vi å ha baner som går endå tidlegare til Flesland, og er i kontakt med fylkeskommunen om dette, seier Sverdrup.

– Eit godt tilbod

Sverdrup meiner Bybanen er eit godt og rimeleg alternativ for å kome seg til flyplassen. Likevel trur han flybussen kjem til å vere viktig òg framover.

– Flybussen si rute som går direkte til byen vil framleis vere raskare enn Bybanen. Vi forventar difor at det kjem til å vere eit godt tilbod som mange vil nytte òg i framtida.