Hopp til innhold

Mann slått ned og rana i Åsane

Tre ukjende menn slo rundt midnatt ned ein mann i 50-åra og rana han i eit bustadområde i Åsane i Bergen.

Åsane Storsenter

– Mannen brakk nasen i overfallet. Han vart køyrd til legevakta for sjekk, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen ved Vest politidistrikt.

Bustadområdet ligg bak Åsane storsenter. Eit par var vitne til ranet og varsla politiet.

Mannen skal ikkje ha kjent dei som overfall han.

– Ranarane tok mobiltelefonen og lommeboka hans. Deretter forsvann dei frå staden i ein mørk Saab, seier Knappen.

Førebels er ingen pågripne, og politiet har ikkje registreringsnummeret til bilen.

Åsane senter

BRUTALT RAN: Mannen i 50-åra brakk nasen då tre ukjende menn slo ned og rana han i eit bustadområde ved Åsane Storsenter rundt midnatt (Arkivfoto).