Hopp til innhold

Kvinne og nyfødd baby til legevakt etter kjøkkenbrann

Røyk velta ut frå kjøkken i femte etasje på Strandkaien. Kvinne sovna frå matlaging og vart redda ut av nabo. Nokre timar seinare blussa brannen opp att.

Brann på Strandkaien

MÅTTE RYKKE UT ATT: Nokre timar etter at brannen var sløkt blussa tilløpet opp att.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Naudetatane fekk melding om brannen rundt klokka 11.45.

Det var meldt om kraftig røykutvikling på staden. Brannvesenet kom raskt fram og byrja sløkkearbeidet.

Politiet sperra av gata og sette i verk evakuering. Klokka 11.59 melde politiet at brannen var sløkt.

– Vi fekk ut alle bebuarane i bygget. Kvinna i leilegheita der det brann er sendt til legevakt for ein sjekk, fortel innsatsleiar Frode Bødtker i brannvesenet.

Innsatsleiar Synnøve Malkenes i politiet fortel at ei kvinne sovna frå matlaginga.

– Det har vore flammar på kjøkkenet. Ho har fått hjelp av ein nabo til å sløkke det, fortel Malkenes.

Brann på Strandkaien i bergen

RYKKA UT: Både røykdykkarar og lift vart nytta for å sløkke brannen på Strandkaien.

Foto: Tale Hauso / NRK

Spedbarn til legevakt

Ein to dagar gamal baby i ein leilegheit i niande etasjar vart også sendt til legevakt for ein sjekk. Det kom ein del røyk inn i den leilegheita og ein tok spedbarnet med til lege for tryggleikens skuld.

Marthe Rygg Johnsen bur i same etasje som leilegheita der det brann.

– Eg sat i sofaen og ante fred og ingen fare. Så kjente eg lukt, samstundes eg høyrde sirenene nede i gata.

Så banka det på døra.

– Då eg opna var det heilt tett med røyk i gangen. Ein nabo bad meg komme meg ut, seier Johnsen, som er glad alt gjekk fint.

Ho evakuerte bygget med både hund i band og ein hamster i lomma på hettejakka. Det er registrert 40 bebuarar i blokka.

Røykdykkarar frå brannvesenet tok seg inn i den private leilegheita og fekk konstatert sløkt brann. Dei hadde også lift på utsida for å passe på om brannen blussa opp att.

Blussa opp att

Men klokka 16:40 rykka brannvesenet igjen til Strandkaien etter melding at det var observert røyk frå same leilegheit.

Brannen frå tidlegare hadde blussa opp. Naudetatane kom igjen til staden og Strandkaien vart stengd for trafikk. Rundt klokka 17.00 vart branntilløpet sløkt, og Strandkaien vart stengd for privatbilar.

På grunn av røyk vart to husvære i 7. etasje evakuert. Leilegheita det brann i er ikkje mogleg å bu i etter brannen, opplyser politiet.

brann bergen snetrum