– Fråfallet begynner å bli urovekkjande høgt, seier leiaren for Karrieresenteret, Rønnaug Tveit, ved Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) til studentavisa
.Fråfallet er også omfattande ved Høgskulen i Bergen (HiB), medan ein ved Norges Handelshøyskole (NHH) har nådd målsetjinga om å redusere fråfallet, ifølgje studentavisa.
– Vanskeleg overgang frå vidaregåande
Tveit meiner det er vanskeleg å seier kva som kan gjerast for å snu utviklinga ved UiB, men ho trur at det kan vere ein ide å begynne alt på vidaregåande skule for å møte forventningane til kommande studentar.
– For enkelte er ikkje studiet slik dei hadde tenkt seg, seier ho, og legg til at overgangen frå vidaregåande til høgare utdanning kan vere vanskeleg.