Rettsaka etter Åsane-drapet vart avslutta med prodesyrar i Bergen byrett i dag. Advokat Kai Wigum forsvarar 26-åringen som seier han bare var sjåfør.
Truverdet
Wigum la stor vekt på å byggje opp truverdet til klienten si forklaring, der han hevdar det ikkje var han som skaut. Wigum meiner klienten hans bør frifinnast. Dermed har dei tre forsvararane lagt ned påstand om frifinning for overlagt drap for alle dei tre på tiltalebenken.
Aktor meiner derimot at alle dei tiltalte er skuldige, og har kravd fengsel i 21, 18 og 15 år.
Bare sjåfør
I avslutningsprosedyren sin i dag synte forsvararen at hans klient har forklart seg i detalj om kva som skjedde drapsnatta i april i fjor. Han har peikt ut den eine 26-åringen som hovudmannen i saken, den andre som gjerningsmann og sjølv har han altså innrømt å ha køyrt bilen og vore tilstades under drapet.
Riksikerer mykje
Wigum understrekar at klienten risikerer svært mykje ved å leggje alle kort på bordet, og dermed tyste på dei andre. Wigum meiner dette er prov på at ikkje klienten hans lyg.
Sansynleg
Påtalemakta festar lit til denne forklaringa, medan dei andre advokatane avviser forklaringa som løgn. Dei hevdar tvertom at tredjemann utførte drapet sjølv.
Bergen byrett må altså vurdere truverdet i dei ulike forklaringene til dei tre tiltalte og samanlikne dei med tekniske funn.
Alle dømd
Trur dei på tiltalte nummer tre, risikerer alle tre å bli dømt for overlagt drap. Trur retten i staden på den såkalla hovudmannen og gjerningsmannen, kan det ende med at bare tredjemann blir dømt for drap.
Dom i saka fell 8.juni.