Hopp til innhold

– Var litt skummelt

Heftig regnskur med lyn og tore enda med at Flesland stengde. Eit fly vart omdirigert etter 20 minutt i lufta – Det var litt skummelt, seier passasjer.

Terje Myhre var passasjer på flyet som måtte omdirigeras til Haugesund.

Terje Myhre var passasjer i flyet som vart omdirigert til Haugesund.

– Då hadde me eit lynnedslag i tårnet på flyplassen, og me hadde også andre lynnedslag i området rundt flyplassen, seier Aslak Sverdrup som er lufthavndirektør på Flesland.

Uvêret varte opp mot ein halvtime, og det var kraftig regn.

– Det var eit slikt regn som dei som har jobba på flyplassen i førti år aldri har sett før, seier Sverdrup.

– Det var så kraftig at det kom inn via bakken, og inn i byggene. Også inn via luftekanalar og andre plassar som me normalt ikkje får inn regn, seier han.

Få fly ramma

Brannalarmen vart slått ut av lynet, og terminalen vart evakuert. Samtidig var det vatninntrenging i helikopterterminalen og i flyplassterminalen.

– Veldig få fly vart ramma, fordi det er laurdag kveld, og det er lite fly. To fly fekk relativt små forseinkingar, men elles har trafikken gått som normalt, seier Sverdrup.

– Men, me måtte evakuere terminalen, og passasjerane var ute i circa ti minutt, seier han.

Terminalen opna att etter ti minutt, og rullebanen var stengt i eit kvarter.

Flyet vart omdirigert

Eit fly frå København vart omdirigert til Haugesund.

–Me skulle lande cirka ti over seks, men måtte fly over Bergen i 20 minutter på grunn av uvêr. Det endte at me måtte lande i Haugesund, seier passasjer Terje Myhre til NRK.

Myhre seier at etter dei hadde sirkla over Flesland blei dei omdiriigert til Haugesund.

–Det var litt skummelt når me sirkla over flyplassen. Me fekk høyre at lufthavna var stengd, så me var ikkje så høge i hatten akkurat, seier han.

Sjå stormskyene over Bergen frå lufta.

Sjå stormskyane fra lufta.