Kolonnekøyring på Vikafjellet

Det er kolonnekøyring på rv. 13 over Vikafjellet. Grunna uver blei dette innført ved midnatt. Det er også fare for at det blir kolonnekøyring over Hardangervidda i løpet av dagen. – Det er mogleg det blir kolonnekøyring også på vidda. Me anbefaler dei som har tenkt seg heim over fjellet om å reisa så tidleg som mogleg, seier Kristian Fauskan i vegtrafikksentralen.