Hopp til innhold

Klaga på UiB-lærer i ti år

Universitetet i Bergen har behandla minst elleve saker om seksuell trakassering det siste tiåret, skriv BT. I mai vart ein lærar straffa av sitt eige fakultet for utilbørleg oppførsel, etter at det var kome klager på han i ti år. – Det er sterkt beklageleg og heilt uakseptabelt, seier rektor Dag Rune Olsen ved UiB. Læraren seier sjølv til avisa at han ikkje har tatt på eller gjort seksuell tilnærming mot sine studentar.