NRK Meny
Normal

Brukar Røde Kors sin pantekonteinar som bosspann

Folk kastar både bleier og rekeskal i pantekonteinarane til Norheimsund Røde Kors. – Irriterande og respektlaust, seier dei som må sortere bort bosset.

boss

KASTAR BOSS I PANTEKONTEINAR: Stadig fleire kastar søppel som bleier og rekeskal i pantekonteinarane til Røde Kors, og dei frivillige må sortere ut det luktande avfallet.

Foto: Marita Skeie / NRK

Pantekonteinarane til Røde Kors i Norheimsund i Hardanger er ei viktig inntektskjelde for hjelpekorpset. Her tener dei gode pengar på å tømme pantekonteinarar og pante flaskene dei finn.

Helena Svellingen Nygård

– IRRITERANDE: Å sortere ut bosset mellom panteflaskene er ikkje spesielt hyggeleg, seier Helena Svellingen Nygård.

Foto: Marita Skeie / NRK

Men jobben med å sortere flaskene er no blitt tyngre. Stadig fleire kastar søppel som bleier og rekeskal i pantekonteinarane, og dei frivillige må sortere ut det luktande avfallet.

– Me finn veldig mykje boss. Reker og bleier spesielt. Det er veldig kjedeleg, seier Helena Svellingen Nygård som arbeider med å sortere flaskene.

Frode Nygård, nestleiar i Norheimsund Røde Kors er einig i at folk godt kunne spart seg for å dumpe bosset der det absolutt ikkje høyrer heime.

– Det er kjedeleg. Det luktar fælt og flaskene blir grisete når me skal sortere dei.

Har sett lås på returavfallskonteinarane

Nygård trur han veit grunnen til at det stadig vert kasta meir boss i konteinarane, som eigentleg er meint for flasker med pant.

Frode Nygård

– GRISETE: Frode Nygård, nestleiar i Norheimsund Røde Kors er einig i at folk godt kunne spart seg for å dumpe bosset der det absolutt ikkje høyrer heime.

Foto: Marita Skeie / NRK

– Eigarane av konteinarane har byrja å låse konteinarane som skal ta i mot returavfall frå hyttene. Det kan vere ei årsak.

Kommunikasjonsrådgjevar i BIR, Tina Skudal, stadfestar at dei har byrja sette lås på bosskonteinarane kring hyttene på Kvamskogen.

– Me har låst dei av fleire grunnar. Det er mange som har misbrukt bosskonteinarane. Næringsdrivande har vore gratispassasjerar på hytteeigarane sitt renovasjonsgebyr, og me har også sett ein del misbruk av fastbuande.

I fylgje Skudal fungerer ordninga med låsar, godt for BIR. Men Nygård vil ikkje vurdere å setje låsar på Røde Kors sine pantekonteinarar.

– Me kjem til å merke dunkane våre betre med at dei berre er meint for panteflasker. Samstundes vil me også vurdere andre løysingar.

Det er Helena Svellingen Nygård, som sorterer flaskene, glad for. Ho er lei av å finne boss i pantekonteinarane.

– Det er veldig irriterande og respektlaust.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo