NRK Meny
Normal

Kan bli fråværsgrense for skuleelevar

Elevar som har meir enn 15 prosent fråvær bør ikkje få standpunktkarakter, tilrår Utdanningsdirektoratet.

Elevar

Mathilde Lie-Nielsen (f.v.), Stian Holme og Simon Nielsen er elevar ved Sandsli vidaregåande skule. Dei er positive til at ein kanskje får ei fråværsgrense på skulane.

Foto: SIRI LØKEN / NRK

– Eg synest ei slik grense verkar veldig praktisk. Det er positivt viss folk ser at dei burde stilla opp, og at fleire kanskje finn ut at skulen er kjekk å gå på. Eg trur også at mange fleire kjem til å få mindre fråvær, seier skuleelev Stian Holme.

Ved Sandsli vidaregåande skule styrer i dag elevane sjølv om dei vil møta opp til timane, men til hausten blir det sannsynlegvis innført ei fråværsgrense ved alle vidaregåande skular i landet.

Utdanningsdirektoratet foreslår eit treårig prøveprosjekt der elevar som har meir enn 15 prosent fråvær i eit fag ikkje skal få standpunktkarakter i faget.

– Det me ønsker å prøva ut er å sjå om ei slik fråværsgrense fører til mindre skulk, og at lærarane slik kan få betre grunnlag til å vurdera kompetansen til elevane, seier avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet Cathrine Børnes.

Cathrine Børnes, utdanningsdirektoratet

Cathrine Børnes

Foto: UDIR.no

– Feil veg å gå

Leiar for elevorganisasjonen Kristoffer Hansen seier dei er sterkt i mot forslaget om ei fråværsgrense.

– Me meiner at om du er ein flink elev, så skal du ha karakter i faget uansett. Sjølv om du er borte 14,16 eller 20 prosent for den del.

Dei meiner det er feil metode, og at det vil ramma elevar som har det tøft.

Kristoffer Hansen

Leiar for Elevorganisasjonen Kristoffer Hansen håper ikkje forslaget vil bli vedteke.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

– Me har så mange tal no som viser ein auke i psykiske lidingar, og andre type sjukdommar som gjer at folk ikkje søv om natta. Det fører til at folk er veldig stressa, og er årsaka til at majoriteten heldt seg heime frå skulen, meiner Hansen.

Vil vera unntak

Utdanningsdirektoratet foreslår også at alle skular skal ha eit system for å følga opp fråværet. Det vil også kunna gjerast unntak for dei som har gyldig grunn til å vera vekke.

– Det er sjølvsagt folk som vil bli unnateke regelen om dei kan dokumentera fråværet med ei legeerklæring. Er det helse- og velferdsårsaker som ligg bak fråværet vil det ikkje påverke karakteren.

Det er Kunnskapsdepartementet som no skal ta endeleg stilling til om fråværsregelen blir innført.