NRK Meny
Normal

No må brøytemannskapet svare for seg

Denne veka har Statens vegvesen fått hard kritikk for dårleg brøyting og salting på vegane. No kallar dei entreprenøren inn på teppet.

Grimesvingene

– FOR DÅRLEG: Statens vegvesen vedgår at brøytinga og saltinga langs vegane i fylket har vore altfor dårleg.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Nysnø og glatte vegar har ført til fleire trafikkulukker og stengde vegar siste dagane, spesielt i Voss og Hardanger.

Sinte bilistar har reagert sterkt på dårleg brøyting og salting, og onsdag la vegvesenet seg flate og beklaga overfor bilistane at brøytinga ikkje har vore god nok.

No kallar dei toppleiinga hjå hovudentreprenøren, som har ansvar for drift og vedlikehald, inn til eit møte.

– Dette er alvorleg. Statens vegvesen vil ikkje vere kjent med at me leverer ein slik standard til trafikantane, seier byggjeleiar Bente Bergstø i Statens vegvesen.

LES OGSÅ: Bussjåfør satt fastklemt etter voldsom krasj

– Det har vore altfor dårleg

Bente Bergstø

KALLAR INN TIL MØTE: Byggleiar i Statens vegvesen, Bente Bergstø seier dei ikkje kan godta slike vegar som bilistane har opplevd denne veka.

Foto: Statens Vegvesen

Statens vegvesen lyser ut kontraktar kvart femte år på anbod. Her vert det lågaste anbodet valt, seier Bergstø.

– Det er vanleg prosedyre at dei som tilbyr seg å gjere dette får lågast pris får kontrakten. Men dei må levere dokumentasjon slik at me ser dei er kvalifiserte.

Men vegane har ikkje halde god nok standar og no vil vegvesenet ha hovudentreprenøren til å gjere endringar slik at folk slepp å oppleve at vegane ser slik ut resten av vinteren og i framtida, seier Bergstø.

Regionvegsjef Helge Eidsnes kjem også til å delta på møtet i dag.

– Bøter er aktuelt

Vegvesenet har tidlegare sagt til NRK at dei vurderer å bøteleggje entreprenøren etter snøkaoset.

– Dei har nok ikkje vore heilt førebudd på kva som krevjast for å halde vegane på Vestlandet. Me skal ikkje hogge hovudet av nokon fyrste gongen, men dette er eit møte me tek veldig alvorleg. Me vil ha dei rette svara og det håpar eg hovudentreprenøren kan gje oss i dag.

Kommunikasjonssjef i Lemminkäinen, Tom Andre As stadfestar at selskapet skal i møte med vegvesenet klokka 12 i dag.

– Me skal ha eit møte med dei i dag om dei hendingane som har vore den siste tida.

– Statens vegvesen har fått mange klager frå bilistar kring stoda på vegane de har ansvar for. Kva meiner du om dette?

Eg ønsker ikkje å kommentere dette før etter at me har hatt møte med Statens vegvesen i dag. Me vil gje meir informasjon etter dette.

Politiet dirigerer trafikken etter kaos på veiene

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.