NRK Meny
Normal

Skuldar Bane Nor for å slakke på tryggleik i tunnelar

Brannvesenet meiner 95 prosent av ny åtte kilometer lang tunnel er utan beredskap. No krev Statens jernbanetilsyn svar om planane på Bergensbanen.

Tverrtunnel i Ulrikstunnelen

RØMMINGSVEG: Brannvesenet meiner 95 prosent av åtte kilometer lange Ulrikstunnelen vil vere utan skikkeleg beredskap. Dette biletet er frå ein av 16 rømmingstunnelar.

Foto: Bane Nor

Førre veke fortalde NRK at brannvesenet er sterkt kritisk til dei planlagde beredskapsplanane i den åtte kilometer lange Ulrikstunnelen på Bergensbanen.

Brannsjefen i Bergen meiner heile 95 prosent av tunnelen mellom Arna og Bergen vil vera utan skikkeleg beredskap.

Han er dermed på kollisjonskurs med Bane Nor og deira beredskapsplan for den nye tunnelen.

Mellom anna fordi Bane Nor i sin beredskapsplan ikkje legg opp til at det er vatn inne i tunnelen til sløkking av brannar.

No tek også Statens jernbanetilsyn til orde og er kritiske til beredskapsplanen.

– Ut frå bekymringa frå brannvesenet, og dialogen me har med brann- og redningsetatane, kan det tyda på at Bane Nor slakkar på krava til tryggleiken i tunnelar, seier direktør Erik Reiersøl-Johnsen.

Ein gjentakande diskusjon

Det er nemlig ikkje første gong det er diskusjon om temaet.

Direktøren seier tilsynet har hatt dialog med Bane Nor rundt fleire tunnelanlegg, mellom anna på Follobanen.

Tilsynet har presisert betydninga av god nok beredskap for redningspersonell. No er direktøren kritisk til utviklinga.

Jernbanetilsynet vil no ta opp konflikten i Bergen i eit møte med Bane Nor.

– Det er Bane Nor som har ansvaret for det dei bygger tilfredsstiller krava. Per i dag har me ikkje fått noko søknad, og har difor ikkje tatt stilling til om tiltaka tilfredsstiller krava, seier Reiersøl-Johnsen.

Brann i Ulrikstunnelen

BRANT I APRIL: Her ved ein av tunnelane for vedlikehald til nye Ulrikstunnelen braut det ut brann tidlegare i år. No er brannvesenet uroa for kva som skjer om det same skjer i den ferdige tunnelen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Urealistisk med 3,5 kilometer slangar

Også i tunnelprosjekta på Follobanen har avstanden mellom Bane Nor og brann- og redningsetaten vore stor. Der har det vore usemje om korleis EU-regelverket for tunnelsikring skal tolkast.

– Dette handlar først og fremst om kva ein treng av brannventilasjon og tilgang til sløkkevatn, seier brannsjef Jon Myroldhaug i Oslo.

Are Wendelborg Brandt forskar på brannar i tunnelar, og er også kritisk til planane for Ulrikstunnelen.

– Å berre ha hydrantar på utsida av tunnelen føreset at ein må ha opptil 3,5 kilometer med slangeutlegg. Det er urealistisk, meiner Brandt, som er forskar ved Rise Fire Research, Norges branntekniske kompetansesenter.

Knut Darre Christiansen

AVVISER KRITIKK: Teknisk direktør i Bane Nor, Knut Darre Christiansen.

Foto: Olav Juven / NRK

– Lite nyttig med vatn i tunnelen

Bane Nor og teknisk direktør Knut Darre Christiansen meiner den nye Ulrikstunnelen i Bergen blir den tryggaste på det norske jernbanenettet når han står klar.

  • Det er lagt opp til 16 rømmingstunnelar mellom dei to parallelle løpa.
  • Bane Nor har også full oversikt over toga som køyrer inn i tunnelen.
  • Når ein har lagt til grunn tiltak for førebygging, redusering av skade og evakuering, meiner dei at risikoen for brann er svært låg.

Difor meiner dei det ikkje er naudsynt å legga vatn gjennom tunnelen.

– Materiala som blir brukte blir utsett for veldig strenge og rigide testar. Det som består testane, har ein svært høg motstand mot brann. Det gjer at eit scenario med brann i tunnelen er svært, svært lite sannsynleg, seier Christiansen.

Han viser til at det ikkje er ikkje noko krav om at det skal vera brannvatn i tunnelen. Bane Nor forventar heller ikkje at brannvesenet skal gå inn i tunnelen for å sløkke ein omfattande brann i eit togsett.

Det skal brenne ut av seg sjølv, og då trengst ikkje sløkkevatn. Brannvassanlegg og vifter er kostbare tiltak for å fjerna ein veldig liten risiko, avsluttar Christiansen.