NRK Meny
Normal

Ingen veit kva som skjer med 13-åringen

Barnevernet anar ikkje kva som skal skje vidare med den 13 år gamle guten som er mistenkt for å ha drept sin tre år gamle fosterbror. – Denne situasjonen er heilt unik, seier barnevernsleiar Trine Hjertholm.

Sagvåg-drapet

FOSTERHEIM: Torsdag ettermiddag vart ein treåring drept i fosterheim i Sagvåg på Stord. Fosterbroren, ein 13 år gamal gut, er mistenkt gjerningsmann.

Foto: Marte Rommetveit/NRK

I ti dagar skal den 13 år gamle guten vere under psykisk helsevern for observasjon og utgreiing. Etter dei ti dagane veit ingen kva som skjer vidare med guten.

Det var torsdag ettermiddag ein tre år gamal gut blei drepen i Sagvåg på Stord. 13-åringen er mistenkt for drapet treåringen, som er fosterbroren.

Har ingenting å samanlikne med

Sagvåg-drapet

UNIK SITUASJON: Barnevernsleiar i Stord, Fitjar og Bømlo, Trine Hjertholm, seier at det er få saker å samanlikne med og difor vanskeleg å avgjere kva som skal skje vidare med 13-åringen.

Foto: Marte Rommetveit/NRK

Barnevernsleiar i Stord, Fitjar og Bømlo, Trine Hjertholm fortel at saka er så spesiell at det er vanskeleg å avgjere kva som skal skje vidare med guten.

– Etter den psykiske utgreiinga av 13-åringen, må psykiske helse vurdere og konkludere vurdere saka. Eventuelt kan vi trå til i barnevernet, seier Hjertholm.

Barnevernsleiaren seier at saka er så unik, og lite samanliknbar at det er vanskeleg å vite kva som skjer vidare.

– Vi har jo ingenting å samanlikne med, det einaste vi kan gjere no er å tenkje på kva som er best for 13-åringen, seier barnevernsleiaren.

– Vi må ha svar på kva som har skjedd

Barnevernsleiaren seier at det er mange spørsmål som må svarast på før det kan bli klart kva som skal skje vidare med 13-åringen.

– Vi må ha svar på kva som har skjedd. Korleis kunne dette skje, kvifor skjedde det, er det forhold her vi ikkje er klar over. Vi har mange spørsmål, og for å vurdere vidare tiltak for guten må vi ha svar på desse, seier ho.

Hjertholm fortel at det ikkje er sikkert det finst rutinar som passa for 13-åringen, i så fall må det lagast nye.

– Det blir uansett opp til oss i barnevernet å finne ut av om vi treng å skapa nye rutinar, seier ho.

Har fleire alternativ

Barnevernsleiaren fortel at dei har fleire alternativ som er aktuelle etter dei ti dagane med psykisk utgreiing for guten.

– Eit alternativ kan vere eit nytt fosterheim eller ein beredskapsheim. Men det kan og vera ein form for institusisjon. Vi skal uansett sørgje for at han får eit tilbod, seier Hjertholm.

– Blir det aktuelt å flytta han vekk frå Stord?

–Det er ei vurdering vi må ta etter kvart.

Barnevernsleiaren seier at den vidare vegen for guten uansett er eit samarbeid mellom familien, politi, og barnevernet.

– Har 13-åringen hatt kontakt med foreldra sine?

– Nei, det har han ikkje.

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2