Konsertscene drive av frivillige er kåra til Årets konsertarrangør

Konsertstaden Hulen er kåra til Årets konsertarrangør 2011. – Dette er våre 140 frivillige si ære, seier leiaren.

Hulen blei kåra til Årets konsertarrangør 2011

Styreleiar Torbjørn Heitmann Valum i Norsk Rockforbund (t.h.) deler ut prisen til Hulen-leiar André Borlaug Grønningen.

Foto: Johanna Siring

Norsk Rockforbund kåra laurdag kveld Årets konsertarrangør 2011. Av dei ti nominerte konsertarrangørane var det Hulen i Bergen som stakk av med sigeren.

– Me blei overraska, men også utrulege glade då me vann. Mange gode arrangørar var nominerte, så hjarta hamra ein del då vinnaren skulle annonserast, seier Hulen-leiar André Borlaug Grønningen til NRK.

Drive på frivillig basis sidan 1969

– Det er storarta å bli sett så stor pris på, og eg ønskjer å takka alle dei 140 frivillige ved Hulen, seier leiaren.

Hulen

Det som tidlegare var eit tilfluktsrom i Bergen blei i 1969 gjort om til kulturlokalet Hulen.

Foto: Anna Sæthre/Hulen

Hulen blei starta av studentar i 1969 og har sidan starten blitt drive på frivillig og idealistisk basis.

Norsk Rockforbund grunngir tildelinga med at Hulen har ein unik frivilligheitsprofil og tilbyr år etter år eit spenstig og sjangerbreitt program. Dette meiner forbundet gjer Hulen til ei av landets mest spannande og populære konsertscener.

Skal tatovera logoen på handleddet

Nokre timar før prisutdelinga laurdag kveld lova Hulen-leiaren å tatovera logen til uteplassen på handleddet dersom Hulen vann. Dagen-derpå står løftet framleis ved lag.

Volbeat-konsert på Hulen

God stemning blant publikum under Volbeat-konsert på Hulen.

Foto: André B. Grønningen/Hulen

– Ja, det skal stå Hulen Bergen på innsida av handleddet, der som stempelet ein får ved inngangen pleier å vera. Kjærleiken til Hulen er berre blitt endå større, seier Grønningen.

– Trur du fleire vil få auga opp for Hulen no?

– Eg håpar sjølvsagt at fleire vil ta del i konsertopplevinga me tilbyr. Eg håpar artistar som ikkje har vore hos oss før skal bli interesserte, og at dette skal vera god motivasjon for alle dei frivillige på Hulen, seier Grønningen.

I år er det sjette gong prisen Årets konsertarrangør blir delt ut. Prisutdelinga skjer anna kvart år.

NRK anbefaler

Siste video

På Universitetet i Bergen redder de daglig måseunger. Problemet er at de blir lokket av lys og roter seg inn på steder de ikke kommer seg uten igjen fra.

Måkeredning på Universitetet

På Universitetet i Bergen redder de daglig måseunger. Problemet er at de blir lokket av lys og roter seg inn på steder de ikke kommer seg uten igjen fra.

Mange av tiggerne ser ut til å ha droppa Stavanger i sommer - til fordel for Bergen. Der er det nemlig en dobling av tiggere nå i sommer.

Tiggere drar fra Stavanger til Bergen

Mange av tiggerne ser ut til å ha droppa Stavanger i sommer - til fordel for Bergen. Der er det nemlig en dobling av tiggere nå i sommer.

I kveld speler Razika konsert for bebuarane på Landås mottak.

Razika på Landås mottak

I kveld speler Razika konsert for bebuarane på Landås mottak.