Hopp til innhold

Her stod overlasta Ausekarane-utstyr

På ein rutinekontroll på Voss stoppa vegvesenet ein varebil med ei overlast på over 1800 kg. Ut kom Ausekarane sitt musikkutstyr som var på veg til konsert på Geilo.

Utstyret til Ausekarane

UTSTYR: På Voss stod musikkutstyret til Ausekarane som var på veg til Geilo.

Foto: Statens vegvesen

Fredag hadde Statens vegvesen ein rutinekontroll på Voss med automatisk skiltgjenkjenning og ekstra fokus på varebilar og personbilar med tilhengjar.

– Det viser seg nok ein gong at det er svært mange store varebilar som er overlasta. Vi stansa 15 varebilar som kom frå Bergen og ni av desse var overlasta, seier overingeniør Dag Rykkje.

Verste var ein varebil som hadde overlast på 1800 kg.

– Då vog varebilen til saman 5300 kg og det er altfor mykje, seier Rykkje.

Varebilen var lasta med høgtalarar, mikrofonar og instrument. Utstyr som eigentleg var på veg til Geilo, der Ausekarane skal ha konsert i helga.

Kom tidsnok på plass

– Kort tid etter hendinga leigde lydfirmaet ein lastebil på Voss, så alt utstyr kom tidsnok på plass til oss, seier Tor Endresen i Ausekarane.

Endresen skriv på ein teksmelding til NRK at han elles ikkje har kjennskap til kva som skjedde på Voss. Då det er eit lydfirma som har ansvar for transport av utstyret, og at det ikkje fekk noko konsekvens for dei.

Like heldig var ikkje føraren som vart stoppa, for vedkommande vart meldt til politiet.

– Slik lasting kan gå ut over trafikktryggleiken, då køyretøyet rett og slett ikkje er konstruert for denne typen tung last, seier Rykkje.

Utstyr

OVERLAST: Varebilen var lasta med høgtalarar, mikrofonar og instrument.

Foto: Statens vegvesen