Hopp til innhold

Freda bygg i Sandviken har rasa saman

Store delar av ei freda bygning har rasa saman i Sandviken. – Det som har skjedd er rett og slett berre trist, seier Nils Olaf Elvsaas som eig bua.

Store delar av ei freda bygning har rasa saman i Sandviken. – Det som har skjedd er rett og slett berre trist, seier Nils Olaf Elvsaas som eig bua.

RASA UT I SJØEN: Store delar av ei sjøbod i Sandviken rasa ut i sjøen laurdag føremiddag. – Berre eit tidsspørsmål før dette skjedde, seier Hamnedirektør Terje Størmsnes.

Det var klokka 10.55 at politiet fekk melding om at ei bu har rasa saman i Sandviken.

– Bygget er freda og ligg like ved Gjensidigegården i Sandviken. Det er ingen som bur der, og ingenting tyder på at nokon var i bygningen då den rasa ut i sjøen, seier Hans Egil Berge ved Hordaland politidistrikt.

Har sperra området frå sjøsida

Sandviken

EIN TREDJEDEL AV BYGGET I SJØEN: Redningsdykkarar frå Bergen brannvesenet sjekkar at ingen blei treft då bygget rasa i sjøen.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Naudetatane har gjort søk for å sjå om det var folk i bygningen.

– Til no er det ingenting som tyder på at nokon er sakna eller vart skada då bygningen rasa saman.

– Me kjem til å halde fram søk i bygningen for å forvisse oss om ikkje nokon oppheldt seg der då bua rasa saman. No kjem me til å vurdere om det må gjere sikringstiltak, anten til sjøs eller land for å sikre at huset ikkje rasar endå meir og gjer skade på nokon.

Hamnevesenet og brannvesenet har lagt ut lenser i bassengområdet for å sperre av området og hindre at andre kjem for nært boden.

– Livsfarlege bygg

Hamneinspektør Terje Strømsnes er sjølv nabo til bygget som rasa ut. Han fortel at han lenge har frykta at bua skulle rase saman, og meiner det berre var eit tidsspørsmål før det skjedde.

– Me har venta lenge på at dette skulle skje. Desse bygningane har vore livsfarlege i fleire år. Ikkje berre på sjøsida, men også på vegen. Det var berre eit tidsspørsmål før dette skjedde, seier Strømsnes.

Heile arken på huset og store delar av taket har rasa i sjøen. Delar av området skulle opphavleg vore rusta opp av Nils Olaf Elvsaas i Sjøbodutvikling AS, som eig sjøboden som rasa ut i sjøen.

Gjer søk i sjøen

Redningsdykkarar frå Bergen brannkorps har sett på boden frå sjøsida for å sjå om det er båtar eller menneske som kan ha vore i nærleiken då bygget rasa ut.

Også hamnevesenet er på plass for å rydde og plukke opp diverse materiale som flyt i hamna.

– Dette bygget har stått falleferdig i mange år. Det er mange naboar som har vore redd for at dette kunne skje når som helst. Eg er nabo her sjølv og har vore redd for dette lenge, seier Strømsnes.

– Truleg miljøkriminalitet

Johanne Gillow

MILJØKRIMINALITET: – Sidan desse buene er freda går nok dette under miljøkriminalitet, seier byantikvar Johanne Gillow.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er veldig trist at dette skjer. Dette er et klart resultat av manglande vedlikehald over fleire år. Bygget har fått så store skadar. Det skulle vore mykje betre tatt vare på, seier byantikvar Johanne Gillow.

– Då me hadde ansvaret for buene bad vi eigarane om å ta betre vare på bygget. Det var i 2007. Det blei ikkje følgt opp.

Frå 1. januar 2008 gjekk forvaltningsansvaret for buene over til Hordaland fylkeskommune. I 2012 så blei det ført tilsyn, og eigarane vart pålagt å sikre bygget.

– Heller ikkje då vart det gjennomført tilstrekkelege tiltak, seier Gillow.

– Kva konsekvensar får dette?

– Sidan buene framleis er freda er nok dette truleg miljøkriminalitet. Me vil be om at dette blir følgt opp strafferettsleg. Desse buene er så viktige, dei er noko av det viktigaste me har som kulturminne i Bergen.

– Me har ikkje gjort ein god nok jobb

Nils Olaf Elvsaas

Nils Olaf Elvsaas seier det ikkje har blitt gjort ein god nok jobb for å sikre at bua han er medeigar i ikkje skulle rase saman.

Foto: Ingfrid Bergen Fossåskaret / NRK

Nils Olaf Elvsaas er medeigar av sjøboden. Han seier det er gjort fleire tiltak for å sikre bygget.

– Me har gjort diverse tiltak nettopp for at dette ikkje skulle skje. Men det er tydeleg at me ikkje har gjort ein god nok jobb, seier Elvsaas.

– Kva vil det gjere no for å sikre bygget?

– No er me inne i ein prosess for å få rammetillatelse. Når me får den er det grunnlag for å gå i gong for å gjere tiltak for å fikse opp bygget. Akkurat no er det opp til oss og kommunen i fellesskap å få denne rammetillatelsen.

– Det som har skjedd i dag er berre leit, seier Elvsaas.

sandiken
Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret