Heilt ny fotballbane stengt etter uvêr

Ein del av den nye kunstgrasbanen til Arna-Bjørnar kollapsa etter kraftig uvêr og mykje nedbør. No er banen stengt.

Skader på kunstgrasbana til Arna-Bjørnar

FLAUM: Det kraftige uvêret har ført til flaum, som har skada den nye kunstgrasbanen til Arna-Bjørnar Fotball.

Foto: Arna-Bjørnar Fotball

– Det er ikkje utrygt å opphalde seg på sjølve banen, men vi stengjer den i helga for å vere heilt sikre.

Det seier Torbjørn Andersen, styreleiar i Arna-Bjørnar Fotball. Etter ekstremnedbøren torsdag 20. mars, vart det flaum i Spåkelva ved sida av kunstgrasbanen. Flaumen skada det eine hjørnet av banen, som no er mellombels stengt.

Var sikra mot flaum

Fotballbanen i Arna vart opna for under eitt år sidan, sommaren 2013. Den blir normalt brukt til trening og kamp for dei ulike laga tilknytt Arna-Bjørnar Fotball. Leiar for kvinnefotballen i fotballklubben, Tore Thorsen, trur ikkje at skadane vil påverke treningane i særleg grad.

– Banen er i første omgang stengt i helga. På måndag kjem entreprenøren, som skal sette i gang arbeidet med å reparere skadane, seier han.

Tidleg i neste veke skal fotballklubben setje seg ned med kommunen, for å snakke om vegen vidare for den kommunale banen. Thorsen fortel at uvêr var tatt med i planane då banen vart bygd.

– Det var laga til flaumløp for å sikre oss mot akkurat sånne ting. Det går to røyr under banen, og framfor opninga på røyra er det rister. Men kvister, rusk og rask som elva har tatt med seg frå skogen, har tetta til ristene, slik at vatnet ikkje kom inn i røyra. Difor har elva flauma over.

Kunne ikkje gjort noko annleis

Nettopp fordi det var tilrettelagt for mykje nedbør, er Thorsen overraska over det som no har skjedd. Men han trur ikkje at noko kunne blitt gjort annleis i bygginga av banen.

– Hovudårsaka for det som har skjedd er kvister som elva har dradd med seg. Eg trur ikkje noko kunne blitt gjort annleis, seier han, og legg til at det er for tidleg å seie noko om kva det vil koste å reparere skadane banen har fått.

Fotballbane skadd etter uvêr

SPERRING: Det er sett opp sperringar rundt dei verste skadane på fotballbanen.

Foto: Arna Bjørnar Fotball

Siste video

Den tre kilometer lange tunnelen gjennom Løvstakken kan komme til å koste opp mot 150 millioner kroner.
Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.