NRK Meny
Normal

Far og dotter døydde i ulukke - no skal det bli tryggare

Statens vegvesen får endeleg på plass tiltak etter dødsulukka der far og dotter frå Nederland døydde i vinter. Sjå lista over kva som skal skje.

To omkom i utforkjøring

KNUST: No skal det skje noko på plassen der eit nederlandsk vogntog køyrde utfor på E39 i vinter.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Den 28. februar døydde ein 47 år gamal mann og den ti år gamle dottera hans i ei ulukke på Ådland bru på Stord. Dette var den siste av ei rekke alvorlege ulukker på staden.

No har Statens vegvesen funne pengar til å sette i gong strakstiltak på vegen som har hatt fleire store ulukker.

Fleire tiltak på staden

Etter ulukka har mange kravd strakstiltak, og no lovar vegvesenet at dei vil få på plass fleire ting:

  • Fartsgrensa vert sett ned frå 70 til 60 kilometer i timen forbi brua
  • Vegen skal merkast på nytt, slik at det blir tydeleg kva retning ein skal
  • Nye skilt skal på plass, mellom anna avkøyringsmarkering i krysset der lastebilen hamna utfor vegen
  • Doseringa på ulukkesstaden skal byggjast opp
  • Nytt og sterkare brurekkverk
  • Skogen rundt vert rydda for å betre sikten

Pengane til tiltaka kom nyleg på bordet, fortel seksjonsleiar Gunnhild Vangsnes i Statens vegvesen.

Vogntog havnet utenfor veien på Stord

I ELVA: Far og dotter frå Nederland mista livet da vogntoget køyrde utfor vegen. Dei to vart kasta ut gjennom frontruta då bilen hamna i elva.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Med dei ulukkene som har vore på den strekninga, ser vi at det er viktig å prioritere eit slik utsett punkt. Dette har vi hatt høgt fokus på, og vi er glad vi har lukkast få på plass finansiering til desse tiltaka.

Far og dotter døydde

I den alvorlege ulukka i februar køyrde eit nederlandsk vogntog utfor før brua og hamna i elvejuvet under.

Vogntoget vart knust då det køyrde utfor vegen og ned mot elva. Statens vegvesen har slått fast at vogntoget hadde låg fart, og at dei to omkomne vart kasta gjennom frontruta og hamna under bilvraket.

LES OGSÅ : – Dei hadde overlevd med bilbelte

E39 over Stord er ei av dei mest ulukkesutsette strekningane på Vestlandet. Lista over ulukker på staden dei siste åra er lang.

– Vi synst det er veldig viktig å få gjennomført dette prosjektet, så dette har vi prioritert veldig høgt, seier Vangsnes.

Tiltak snart

Det blei lage eit notat frå Statens vegvesen etter dødsulukka i februar, der fleire av desse tiltaka vart foreslått. Difor er vegetaten no glade for at dei har funne pengar til dette, og at dei no kan gå i gong med arbeidet.

Det vil ikkje gå lang tid før utbetringane skal vere på plass, lovar Statens vegvesen. Å setje farten ned er avhengig av at Stord kommune og politiet er einige i tiltaket.

– Tiltaka startar vi med no umiddelbart. Vi sett no i gong planlegging av dette og startar utføringa med ein gong, så vi reknar med å vere ferdige på seinhausten, seier Vangsnes.