Hopp til innhold

Nordmenn rotar vekk pass som aldri før

Fleire nordmenn mistar passa sine. – Ofte grunna flytting, seier politiet.

Pass og billetter

LETT Å MISTE: Fleire nordmenn mistar passa sine enn for fem år sidan. Talet på tapsmeldingar har auka med 36 prosent i Noreg frå 2009 til 2013. (Arkivfoto)

Foto: Tor Risberg

Tapsmeldingar pass - Noreg

Dei fem siste åra har det forsvunne 125 800 norske pass.

Det samla talet på tapsmeldingar politiet får aukar jamt, og dersom ein samanliknar med 2009, var det i 2013 ein auke på 36 prosent tapsmeldingar i Noreg.

Stor auke i Hordaland

Tapsmeldingar pass - Hordaland

Berre i Hordaland forsvann 13 903 pass i perioden 2009-20013, og dermed står fylket for 11 prosent av dei tapte passa i Noreg.

I 2013 har politiet i Hordaland heile 41 prosent fleire tapsmeldingar enn i 2009.

Tala frå politiet i Hordaland viser at der det i 2013 var 3230 pass som vart meldt tapt, er det frå januar i år, og til og med midten av juli, blitt meldt inn 2210 tapte pass.

Dersom trenden skulle fortsette vil det dette året meldast om over 4000 tapte pass i fylket.

– Det me ofte høyrer, er at passet er tapt grunna flytting eller at det er forlagt heime, seier Vigdis Hundven som er seksjonsleiar ved kontrollseksjonen i Hordaland politidistrikt.

Skal leverast inn

Vigdis Hundven

MISTAR PASS HEIME: Vigdis Hundven i politiet i Hordaland, seier mange som melder passet sitt tapt ofte seier dei har mista det grunna flytting.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Av dei 125 800 tapte passa, vart 8 824 pass meldt stole. 1505 pass vart meldt mista i posten. 10 021 pass hadde forsvunne utan at årsaka var kjent.

105 450 pass hadde status som «tapt».

Om ein finn att passet ein har meldt tapt, så skal ein snarast melde frå til politiet at passet er funne, men det er det få som gjer.

– Me har ikkje tal på dette, men det er ein relativt liten del som blir meldt inn til oss, seier Hundven i Hordaland politidistrikt.

– Men, det som er veldig viktig å hugse på at viss ein har meldt eit pass tapt, så kan ein ikkje bruke det dersom ein finn det att. For då er det sperra i systemet, seier Hundven.

Hundven seier at den som vel å bruke kan ende opp med å ikkje få lov å reise, og dermed kan desse bli bedt om å returnere.

Auke i naudpass

Nødpass

NAUDPASS TIL BORN: Spontane reiser og utgåtte pass til born kan vere årsak til at politiet i Hordaland i år merkar ein pågang av personar som vil ha naudpass.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

I Noreg blei det i 2009 ferda ut 33 921 naudpass. Dei neste to åra var det ei auke på talet naudpass som vart ferda ut, før det i 2012 igjen var ein nedgang.

Då vart 31 102 ferda ut, og det er 8 prosent mindre naudpass enn i 2009.

Tala frå 2013 og 2014 har ikkje NRK fått oppgitt frå politiet.

I Hordaland vart det i 2013 ferda ut 13 prosent mindre naudpass enn i 2009.

I sommarmånadane i år, merka politiet i Hordaland større pågang på personar som ville ha naudpass.

Ane Kvaal som er politiinspektør i Hordaland politidistrikt seier at det ofte er barn som må ha naudpass.

– Gyldigheita på pass til barn er 2, 3 og 5 år, og det hender at det ofte er ein av fleire barn i ein familie som har utgått pass, og som difor må ha naudpass, seier Kvaal.

– Folk opplyser at ein gjerne har komme på ein tur i siste liten, og så er passet gjerne gått ut, seier ho.