Hopp til innhold

Festningssjefen lei av konsertrot ved Håkonshallen: – Grensa er nådd

Kommandanten på Bergenhus festning går hardt ut mot serveringsvogner, telt og reklamebanner på Koengen, som har blitt Bergen sin største utescene. – Kommersialiseringa tek seg ikkje ut og er ikkje verdig nok.

Metallica på Koengen

KRITISK: Kommandanten på Bergenhus meiner aukande kommersialisering mellom anna set festningen sin verdigheit i fare. Her frå ein Metallica-konsert i 2015.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Bergen sin største utescene og konsertarena er eit festningsanlegg frå mellomalderen. Det er problematisk, meiner Forsvaret og Bymuseet i Bergen.

– Svære industriliknande telt, reklamebannar oppetter festningsmurane og telt og serveringsvogner inne i borggarden. Det tek seg ikkje ut, meiner kommandant på Bergenhus festning, Åsmund Andersen.

– Den aktiviteten som er her inne må ta omsyn til at dette er eit nasjonalt kulturminne.

På den ene siden er området arena for kultur og adspredelse. På den andre siden har festningen opp mot 200 militære arbeidsplasser. Det er viktig at disse to funksjonene balanseres opp mot hverandre.

Åsmund Andersen, kommandant Bergenhus festning
Gigantisk telt på Koengen

NOK ER NOK: Forsvaret og Bymuseet er kritiske til svære industriliknande telt, reklamebannar oppetter festningsmurane og telt og serveringsvogner inne i borggarden.

Foto: Thomas Anthun Nilsen / NRK

– Har tatt mot kongelege mellom buer og konsertrigg

I eit brev til Forsvarets kommandantskap uttrykker kommandanten ved Bergenhus festning sterk uro for det han omtalar som ei sterk kommersialisering av festningsområde og listar opp punkta:

  • Tilsette og gjester må gå «spissrotgang» for å koma seg til bygg på området
  • Mottak av kongelege med salutt og garde har blitt gjennomført mellom buer og rigg til konsert
  • Indre festning blir i lang tid skjemma av sperre-gjerde og lagringsmateriell
  • Byggverka på indre festing blir gjort til «reklamevegg»
  • Musikkorpset og Heimevernet sine øvingar blir forstyrra av konsertrigging og lydprøvar
  • Verdigheita kring veteranmonumentet blir ikkje ivarett
  • Salsvogner og buer langs festningsmurane er skjemmande og øydelegg festningen sin visuelle profil
  • Store mengder publikum gjer plenen til eit gjørmehol
Direktør for Bymuseet og kommandanten på Bergenhus

SLÅR SEG SAMAN: Direktør Marienne Nielsen i Bymuseet og kommandant Åsmund Andersen på Bergenhus festning.

Foto: Christian Lura / NRK

Seier nei til meir aktivitet

Festningsanlegget frå mellomalderen er dei siste åra blitt Bergens største utescene. I sommar blei konserten med den svenske artisten Håkan Hellström flytta til Grieghallen på grunn av slitasjen på området.

No meiner Forsvaret og Bymuseet at Bergenhus og Koengen har nådd tolegrensa for kor mange kommersielle arrangement området toler og vil ha nye reglar for utleie av området.

– Eg vil sterkt rå frå å auka aktiviteten ut frå det som allereie er i dag, seier Marianne Nielsen, direktør ved Bymuseet i Bergen.

Ho seier det er umogleg å halda ein middag i Håkonshallen, når det er konsertar på området.

– Me har vore nøydd til å avlysa.

– Skjemmande og ikkje verdig

Kommandanten meiner den militære aktiviteten på festningen skal prioriterast. Han stiller også spørsmål ved om dei seinare års utvikling, er i tråd med den verdigheita eit historisk nasjonalsymbol skal assosierast med.

– Det ligg til mitt oppdrag å sjå til at festninga sin verdigheit blir tatt vare på.

Slaget på Vågen i 1665

IKKJE VERDIG: – Det ligg til mitt oppdrag å sjå til at festninga sin verdigheit blir tatt vare på, seier kommandant på Bergenhus festning, Åsmund Andersen.

Foto: Eivind A. Pettersen / NRK

Dei er leie av at tilsette og gjester nærast må gå «spissrotgang» for å få tilgang til eit nasjonalt festningsverk som Bergenhus.

– Me er alle einige om at publikum skal bruka Bergenhus festning, men når gjester til Håkonshallen må gå mellom reklameplakatar, toalett og gjerde, så skjemmer det den opplevinga me er sett til å formidla, seier Nielsen.

Har bedt om møte med Forsvarsbygg

Det er Forsvarsbygg som tar vare på dei militære bygningane og områda på vegner av den norske stat. Dei kjenner til problemstillinga som blir reist.

– Me har hatt ein god dialog med kommandantskapet og Bymuseet, og vil no setja oss ned og ha eit møte.

– Blir det naudsynt å redusera talet på konsertar og arrangement på festningen?

– Det har eg ingen kommentar til no. Korleis me skal løysa dette, er noko som må diskuterast, seier festningsforvaltar Vidar Fyllingsnes.

Bergen Live er ein av dei som nyttar Koengen og Bergenhus som konsertarena oftast. Dagleg leiar Frank Nes seier til NRK at dei forheld seg til Forsvarsbygg som utleigar.

- Vi har eit godt samarbeid med dei og opplever også at vi har ein god dialog med både Bymuseet og kommandanten omkring våre arrangement på festningen. Utover det har eg ingen kommentar, seier Nes.