Gjer suksess med fordums skattar

Tekstilprodusenten Oleana fyller 15 år. Dei har skapt designsuksess mot alle odds.

Museumsskattar inspirerer Oleana sin design

Designer Solveig Hisdal, gründer Signe Aarhus og førstekonservator Anne Britt Ylvisåker studerer ein av skattane som har inspirert Oleana sin design

Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

Ei 400 år gamal nattskjorte, ein bolle med skår i og falma tapet.

I gamle museumsobjekt ligg kjelda til mykje av tekstilbedrifta Oleana sin suksess.

– Det er ei fryd å gå inn i magasina. Då er eg heilt tapt for omverda.

Det seier Solveig Hisdal. Den prisløna designeren står bak størsteparten av Oleana sine 15 år med produksjon av klede og pledd.

Inspirasjon til mønstera i tekstila hentar ho frå museumsobjekt over heile verda.

Mønstra jakker er ein sentral del av Oleana sin produksjon

Oleana feirer 15 år med jubileumsutstilling på Permanenten

Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

– Vi elskar utfordringar, seier Signe Aarhus, då vi skulle starte Oleana i 1992 sa alle til oss at det aldri kom til å gå.

Saman med Kolbjørn Valestrand starta ho opp med tekstilproduksjon på Espeland utanfor Bergen.

Der skjer framleis alle ledd i produksjonen, og målet er å skape eksklusive, unike produkt.

– Vi kan ikkje konkurrere på pris, sidan vi produserer i Norge, seier Aarhus. Difor freistar vi heller å lage så flotte plagg som mogleg.

Oleana har fått Norsk Designråd si utmerking "Merket for God Design" seks gongar.

I tillegg vart Aarhus kåra til Årets Forretningskvinne i 2003 og Solveig Hisdal har fått Jacobprisen, som er Norsk Form sin heiderspris.

 Spår verdssuksess

– Dei hadde eit fantastisk mot som starta opp ei norsk tekstilbedrift i ei tid då dei fleste flagga ut.

Det seier Marit Warncke, direktør i Bergen Næringsråd. Ho trur andre bedrifter har mykje å lære av Oleana.

– Ein kan lære av måten dei blandar nøysemd og vågemot på, seier ho, samstundes har bedrifta høg kompetanse og god design.

Ho trur Oleana vil kunne gjere det enno betre i framtida, fordi dei har ein miljøvenleg og kvalitetsmedviten produksjon.

– Det ligg potensiale til å kunne blir ein verdssuksess, det dei lagar er vakkert og fortel ei historie. Slik sett er det ei særs moderne bedrift.

Den fyrste jakka Solveig Hisdal designa for Oleana
Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

Også Signe Aarhus har tru på framtida og ingen planar om å flagge ut, då legg dei heller ned.

– Fretex i Oslo får inn 12 tonn med klede i veka. Dersom kloda skal overleve må ein produsere og kjøpe klede på ein annan måte. Difor satsar vi på å lage få, men vakre plagg.

Oleana feirar 15 årsjubileet med ei utstilling på Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen.