Hopp til innhold

Fann blodig og medvitslaus mann på gata

Politi og ambulanse har rykka ut til Nye Sandviksveien i Bergen. Ein mann er sendt til Haukeland sjukehus.

Sandviken ulukke

POLITI OG AMBULANSE PÅ STADEN: Ein mann er frakta med ambulanse til Haukeland sjukehus. Mannen blei funnen på gata utanfor eit hus i Sandviken i Bergen.

Foto: Magnus Holte / NRK

Dag Sætre

PÅ STADEN: Innsatsleiar i politiet, Dag Sætre.

Foto: Magnus Holte / NRK

Ein skada og blodig mann er funnen på gata utanfor eit hus i Sandviken i Bergen.

Mannen er henta av ambulanse og køyrt til Haukeland sjukehus.

– Mannen var medvitslaus då han blei frakta bort. Vitner som har køyrt forbi gata seier dei har sett to menn bere ut ein skada mann for så å stikke av, seier innsatsleiar i politiet Dag Sætre.

Politiet fekk fyrst melding om at mannen var kasta ut av eit vindauge, men dette stemmer ikkje.

Basketak og slossing

Då politiet kom på staden var det ein mann og ei kvinne att inne i leiligheita.

– Kvinna var skada og blødde frå eit sår i hovudet. Ho vert no undersøkt av ambulansepersonell, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Det skal ha vore tre personar inne i leiligheita då det oppstod eit basketak mellom dei.

– Det har vore noko slossing inne i leiliheita. Den skada mannen skal ha blitt boren ut og lagt på gata, seier Kolltveit.

Det var forbipasserande som såg mannen ligge ute på gata, og som skal ha varsla politi og ambulanse.

Så langt er ingen tatt inn til avhøyr.

NRK oppdaterer saka