Hopp til innhold

Vil tilby eit alternativ til tørt brød i matboksen

Fire skuletimar i veka jobbar Thomas, Marius og Are i si eiga bedrift i staden for å ha vanleg skule. Dei er tre av dei 11.799 elevane som dette skuleåret driv ungdomsbedrift.

Thomas Trengereid, Are Gruben, Marius Erstad

UNGDOMSBEDRIFT: Thomas Trengereid, Are Gruben og Marius Erstad har starta ungdomsbedrifta Termosmatboks UB. På data har dei teikna prototype til ein termos-matboks med eit spesielt lok som dei har fått laga ein prototype av.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

I oktober i fjor starta Thomas Trengereid, Marius Erstad og Are Gruben Termosmatboks UB. Gjennom denne ungdomsbedrifta ønskjer elevane på Tanks vidaregåande i Bergen å tilby eit alternativ til tørt brød i matboksen, og håpar å forbetra folk sin kvardag ved å selja ein termos-matboks som held maten varm.

– Det var kjærasten til Marius som kom på ideen, fortel Thomas Trengereid.

– Sidan termos-matboksar finst frå før måtte me gjera det litt annleis for å få eit nytt produkt, og me kom då på å laga den på ein slik måte at fukt og damp blir fjerna, det blir fanga opp i loket, forklarer Are Gruben.

Deretter starta prosessen med å tenka seg fram til ei løysing på dette og dei teikna mange ulike løysingar. Då dei kom fram til ei løysing dei hadde tru på tok dei kontakt med ein som lagar prototypar for å få laga ein prototype av produktet.

Saka held fram under biletet

Matboks

MATBOKS: Prototypen til Thomas, Marius og Are.

Foto: Termosmatboks UB

– Framtidas arbeidsplassar er ikkje skapte ennå

Ei ungdomsbedrift er ei bedrift som blir starta av elevar i den vidaregåande skulen. I løpet av eit skuleår skal elevane etablera, driva og avvikla si eiga bedrift.

– 70 prosent av framtidas arbeidsplassar er ikkje blitt skapte ennå, og dei som skal skapa dei sitt i dag på skulebenken, seier administrerande direktør Anne Kathrine Slungård i Ungt Entreprenørskap Norge.

Ungt Entreprenørskap er ein paraplyorganisasjon for ungdomsbedrifter og målet deira er at ungdomsbedrifter blant anna skal utvikla unge sin kreativitet, samarbeidsevne og gi forståing av betydninga av verdiskaping og nyskaping i næringslivet og inspirera til framtidig verdiskaping.

– Noreg ligg lågt på etablerar-raten i dag, og det kan dokumenterast at dei som har vore med i ungdomsbedrift har 50 prosent høgare etableringsrate enn dei som ikkje har det. Ungdomsbedrift er også ein del av allmennutdanninga, der ein skal finna ut kva som krevst i arbeidslivet, uansett kor ein skal jobba, seier Slungård.

Fleire etablerer eiga bedrift

Thomas Trengereid, Are Gruben og Marius Erstad

LÆRT MYKJE: Thomas Trengereid, Are Gruben og Marius Erstad meiner dei har lært mykje av arbeidet i Termosmatboks UB.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Østlandsforskning har i fleire år forska på ungdomsbedrifter og entreprenørskap og har blant anna gjort ei undersøkinga blant unge i alderen 24–25 år, der halvparten hadde delteke i ungdomsbedrift på vidaregåande og den andre halvparten ikkje hadde det.

– Me kan slå fast at deltaking i ungdomsbedrift fører til at fleire unge ønskjer å bli sjølvstendig næringsdrivande, fleire vurderer sjølv at dei har kunnskapen til å starta for seg sjølv og personane som har delteke i ungdomsbedrift er overrepresentert blant dei som etablerer bedrift i ung alder. Dette kan me seia ut frå fleire studiar som har gitt signifikante resultat, seier forskar Vegard Johansen ved Østlandsforskning.

Johansen har gjort store studiar på ungdomsbedrifter i både 2008, 2011 og 2012. Dei fann at 12 prosent av dei som hadde drive ungdomsbedrift hadde etablert eiga bedrift seinare, medan 8 prosent av dei som ikkje hadde drive ungdomsbedrift hadde gjort det same.

– Me har også sett på kva betyding erfaring frå ungdomsbedrift har på generelle ferdigheiter som samarbeid, kreativitet, risikovilje, initiativ og akademisk sjølvtillit. Der finn me ikkje forskjell mellom dei som har drive ungdomsbedrift og dei som ikkje har det, seier Johansen.

Ikkje meir kreativ eller betre på samarbeid

Fleire undersøkingar har vist at ungdomsbedrift-erfaring fører til at fleire startar eiga bedrift og at det engasjerer elevane og bidrar til kontakt med lokal samfunnet. Men det er ikkje blitt dokumentert at dei som driv ungdomsbedrift blir betre på problemløysing og samarbeid eller at dei blir meir kreative.

Førsteamanuensis Hanne Riese ved Universitetet i Bergen studerte dette då ho skreiv doktorgradsavhandlinga si. Ho følgde då tre klassar som dreiv ungdomsbedrift over eit år.

– Eg skal ikkje seia at det ikkje er mogleg å få til, men ein må fokusera på kreativitet spesielt for å auka kreative ferdigheiter, det kjem ikkje av seg sjølv gjennom arbeid med ungdomsbedrift. Det same gjeld for samarbeidsevne, seier Riese.

– Eg såg på kor komplisert samarbeid kan vera i ungdomsbedrifter. Ofte har ein både vennskapsrelasjonar og formelle roller som ein skal forvalte innanfor ungdomsbedrifta. Då er det mykje som spelar inn og korleis desse relasjonane blir vekta i forhold til kvarandre spelar inn på samarbeidet. Ein får erfaring i å samarbeide gjennom ungdomsbedrift, men for å bli flinkare på det krev det refleksjon og rettleiing i kva som er innhald i profesjonelle relasjonar, forklarer Riese.

Saka held fram under biletet

Ungdomsbedriften Folkelokk

VANN NM: Folkelokk UB frå Odda vidaregåande skule som driv med folkedans og folkemusikk vann NM i Ungdomsbedrift i fjor og kom på 4. plass i EM.

Foto: NRK

Vil ha meir forsking på samarbeid

Ungt Entreprenørskap Norge er litt ueinige i konklusjonen om at ungdomsbedrift ikkje har innverknad på kreativitet og samarbeid. Dei ønskjer meir relevant forsking på dette området, med eit anna forskingsdesign.

– Me opplever svært klare tilbakemeldingar frå både elevar og lærarar på dette og me har i eigen regi ei kartlegging rundt dette i inneverande skuleår, seier Slungård i Ungt Entreprenørskap Norge.

Ho får støtte frå dei tre elevane i Termosmatboks UB som meiner dei er blitt betre på samarbeid.

– Ein lærer ofte best av eigne erfaringar og me har lært enormt mykje, seier Are Gruben.

– Planlegging og samarbeid er nok det me har lært mest om, seier Thomas Trengereid.

– Trur de at de vil starta eiga bedrift på eit seinare tidspunkt?

– Me er i alle fall blitt meir klar over moglegheitene no, seier Trengereid.

– Vegen vil vera kortare no til å gjera det same om igjen, seier Marius Erstad.

Masseproduksjon for dyrt for Termosmatboks UB

13. mars blei fylkesmessa for ungdomsbedrifter arrangert i Hordaland, der X-Traffic UB frå Odda vidaregåande skule vann. Termosmatboks UB vann då i kategorien Største verdiskapingspotensial og dei fekk andreplassen i kategorien Mest innovative produkt, og dei er ei av dei fire ungdomsbedriftene frå Hordaland som får reise til NM i ungdomsbedrift på Lillestrøm i slutten av april.

– Loket er det unike ved produktet vårt, og det var det som bidrog til at me gjorde det så bra i fylkeskonkurransen, seier Thomas Trengereid.

Sidan bedrifta deira er ei ungdomsbedrift må dei legga den ned når skuleåret er over til sommaren. Planen deira var i utgangspunktet å starta masseproduksjon av produktet, men det har dei innsett at dei ikkje vil greia.

– Planen var at me skulle masseprodusera og selja til Clas Ohlson og bli kjempe rike. Men me fekk ein vaksen mentor som fekk oss til å innsjå kva som var realistisk og ikkje, seier Marius Erstad.

– Det kostar 150.000 kroner å berre starta opp produksjon, så nokon med meir ressursar enn oss må eventuelt gjera det. Planen vidare no er å snakka med patentkontoret om kva som skal til for å ta patent og finna ut om me har moglegheit til å sikra oss det, så kan me selja konseptet til nokon, seier Thomas Trengereid.

Skryt over satsing i Hordaland

I 2013 var det på landsbasis 11.799 elevar som var med på å driva ei ungdomsbedrift, det er 466 fleire enn året før. I Hordaland var det 670 elevar, men etter Folkelokk UB frå Odda i Hordaland vann NM i Ungdomsbedrift i fjor bestemte Hordaland fylkeskommune seg for å prøva å jobba aktivt for å få fleire skular og elevar til å delta i ungdomsbedrift.

– Hordaland fylkeskommune har som skuleeigar tatt ordentleg grep og det er veldig gledeleg. Det er mange kommunar og fylkeskommunar som har tatt tak, men viss eg skal peika på nokon som verkeleg har tatt tak så er det Hordaland, seier Slungård i Ungt Entreprenørskap Norge.

Tal på elevar som driv ungdombedrift

Tal på elevar i ungombedrifter

2013

2012

2011

Landsbasis

11799

11333

10475

Agder

1045

1029

1022

Akershus

1210

1191

937

Buskerud

437

451

503

Finnmark

277

245

313

Hedmark

675

636

503

Hordaland

670

658

748

Møre og Romsdal

399

505

496

Nordland

801

799

707

Oppland

466

565

403

Oslo

878

816

646

Rogaland

723

734

701

Sogn og Fjordane

599

626

448

Telemark

420

387

345

Troms

489

460

514

Trøndelag

1321

970

1015

Vestfold

474

445

507

Østfold

915

816

667

Ekspander/minimer faktaboks