Hopp til innhold

Eldre kvinne kom til rette

Ei 78 år gamal kvinne er komen til rette etter at ho vart meld sakna etter ein bærtur ved Flatlandsmo på Voss.

Kvinna sakna ved Vindberg, Flatlandsmo, Voss

Politiet varsla Raude Kross, Norsk Folkehjelp og Norske redningshundar etter at ei eldre kvinna kom vekk frå mannen sin i samband med ein skogtur rundt stølane på Vindberg på Voss.

Politiet avblåste redningsaksjonen då kvinna kom gåande. Då hadde ho vore sakna i fleire timar.

– Kvinna kom gåande der politiet hadde teke oppstilling. Kvinna var sliten, men i god behold, seier Kronen.

Lokal politipatrulje var på staden, og redningsmannskap var på veg. Det vart aldri nokon redningsaksjon.

– Det endte heldigvis godt.

Slo full alarm

Kvinna vart meld sakna av mannen sin klokka 18.21.

– Kvinna har dårleg helse og er dårleg til beins. Sidan kvinna har vore sakna ei tid før politiet fekk beskjed, handterer me dette som ei hastesak, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Kronen.

Plukka bær

Ekteparet har vore ute sidan klokka 13 i dag. Dei plukka bær i området då dei kom frå kvarandre.

– Då mannen ikkje fann henne, melde han kvinna sakna. Kvinna har vore vekke nokre timar allereie. Me kastar ikkje vekk noko tid, opplyste Kronen like før klokka 19.

Raude Kross og Norsk redningshundar kallar inn mannskap no.