Eksplosjon og flammar på Radøy

  • STRAUMEN TILBAKE PÅ RADØY

    Like før klokka 20 fredag kveld har alle husstandane på Radøy fått straumen tilbake. Ifølgje BKK skal straumbrotet ha skjedd fordi to straumlinjer har komme i kontakt med kvarandre, etter at eit tre fall over høgspenttraseen. – Då kan det komma ein del lyd og gnistrar, som truleg forklarar kvifor folk reagerte, seier Kirsten Øystese i BKK.

  • 300 UTAN STRAUM PÅ RADØY:

    Om lag 300 kundar på Radøy er utan straum etter eit straumbrot klokka 16.10. Straumbrotet kan ha samanheng med rapportane om to smell og flammar frå skogen. Det kan vera snakk om kortslutning på ei høgspentlinje, seier pressekontakt Kirsten Øystese til NRK. BKK har mannskap ute for å finna og utbetra feilen.

  • – EKSPLOSJON OG FLAMMAR:

    Brannvesenet rykkjer ut til Nordanger på Radøy, etter melding om eksplosjon og flammar i Slettevegen. 110-sentralen opplyser til NRK at brannvesenet er på veg, og at dei ikkje veit noko meir om kva som har skjedd.