Hopp til innhold

Eksplosjonar og brann på industriområde i Åsane

Brannvesenet har sløkt brannen på eit industriområde i Bergen. Det er ikkje meldt om personskade.

Brann industriområde Toppemyr Åsane

UNDER KONTROLL: Brannvesenet har kontroll på brannen på industriområdet på Toppe i Åsane.

Foto: Simon Brandseth / NRK

Store styrkar frå alle naudetatane rykka torsdag klokka 16.12 ut til melding om eksplosjon og brann på industriområdet på Toppe i Åsane.

– Den første innringaren melde om smell og at det kom svart røyk ut frå eit bygg, seier brannvesenets innsatsleiar på staden, Jan Magnus Birkeland.

Bergen brannvesen ba folk som bur nær industriområdet på Toppe om å halda god avstand, og lukka dører og vindauge.

Bilverkstad

Birkeland seier det brann både inne i ein bilverkstad og i ein konteinar som stod like inntil verkstaden.

– Verkstaden er totalskadd, og konteinaren er godt skadd. Me veit førebels ikkje kvar brannen starta.

Klokka 16.55 melde vaktkommandør Helge Lund i 110-sentralen at det ikkje var fare for spreiing. Tre kvarter seinare melde 110-sentralen at brannen var sløkt og at det pågjekk ettersløkking.

Brannvesenet på Brann Åsane
Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ingen skadd

– Tre-fire minutt etter at naudetatane kom til staden, vart det avklart at det ikkje var folk i bygget eller nærleiken. Ingen vart skadd i brannen, seier Birkeland.

Ifølge Lund er det lagra gass på staden som kan ha eksplodert. Politiet kalla inn ein skarpskyttar i tilfelle brannvesenet ikkje greidde å kjøle flaskene ned.

– Bilverkstadar oppbevarer ofte acetylen. Det er kritisk viss den blir for varm og kan eksplodere, seier Ivar Kvant, politiets innsatsleiar på staden.

Han seier smella truleg kom frå mindre sprayflasker i konteinaren eller i bygget.

Både Kvant og Birkeland seier det er usikkert kva som var i den brennande konteinaren.