Han skjønar at no er me klare
og myser engsteleg på badekaret
Jacko legg ikkje skjul
på at han hatar å bli bada til jul
Arne Torget.(Foto: Egil Torheim)
Så gjev far i huset gass
på 10 sekund er vofsen på plass
Jacko har ikkje mykje pels på lager
etter ein runde med dusjen er han tynn og mager
Han får shampo og massasje så godt me kan
trur då han likar det lite grann
Me kan sjå at hunden er rein
og eg visste at han hadde kvite bein
Jacko skjelv i beina som ei høna
nå skal han bli tørka og føna
Han vart så fjong og fin i fleisen
resten av kvelden ligg han og furtar framfor peisen