NRK Meny
Normal

Eigaren av sjark som kantra: – Nota var ikkje for tung

Tre personar havna i sjøen då ein fiskebåt kantra og sokk nord for Stolmen i Austevoll søndag morgon. Eigaren av sjarken avviser at ulukka skjedde fordi nota var for full av makrell.

Laster kart, vennligst vent...

FISKEBÅT KANTRA: Tre personar havna i sjøen då ein sjark på makrellfiske kantra i 7-tida søndag morgon. Alle vart raskt redda over i ein annan båt.

– Eg sit her og klør meg i hovudet. Eg skjønar ikkje kva som skjedde, seier Anders Magne Taranger, som eig fiskebåten «Astrid», til BT.

Det var fem personar om bord, og tre av dei havna i sjøen då båten gjekk rundt omlag klokka 7 og blei liggande med kjølen i været. Dei blei umiddelbart tatt om bord i hjelpebåtar.

Taranger var ein av dei som havna i vatnet. Han hadde på seg flytedress og svømte over til lettbåten og klatra sjølv om bord.

– Den 35 fots sjarken dreiv makrellfiske, og då har dei ofte med seg hjelpebåtar når dei legg ut not, opplyser 110-sentralen.

– Ikkje for mykje

Forliset skjedde mellom Hevrøy og Kvalvågen. Kystverket blei involvert for å få slept båten til land, men etter halvannan time hadde båten sokke.

– Den ligg på 70 meters djup. Forsikringsselskapet blir kontakta, og det vil bli følgt med på staden med tanke på eventuelle drivstofflekkasjar.

Det seier vaktkommandør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen til BA.

Årsaka til ulukka er uklar. Ifølge politiet og Hovedredningssentralen i Sør-Norge har kantringa mest truleg samanheng med at det var for mykje makrell i nota.

Dette avviser Anders Magne Taranger.

– Nota var ute, men det var ikkje meir makrell i nota enn at me fint hadde klart å få det opp i båten.

Han seier det var stilt og fint vær då ulukka skjedde.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017