Hopp til innhold

Ei reise i oljealderen

LEIRVÅG-SLØVÅG (NRK): Overfarten mellom Leirvåg og Sløvåg er ei av dei beste måtene å sjå norsk oljealder på nært hald. Ferja segler mellom plattformer og tankarar på raffineriet på Mongstad.

Jan Arne Saue og Aud Saue

INTERESSANT OVERFART: Jan Arne og Aud Saue er på vei mot Bergen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det er jo ikkje den vakraste utsikta. Men den er jo veldig interessant, meiner Aud Saue som saman med mannen, Jan Arne, er på køyretur sørover mot Bergen.

– Ein gjer seg jo sine tankar om all rikdomen det me ser her har gitt landet vårt.

Fergeruten Leirvåg - Sløvåg

Natur og fossil energi

Overfarten mellom Hordaland og Sogn og Fjordane har sterke kontrastar. Mot søraust er Mongstad og anlegga i Sløvåg. Mot nordvest ser ein ut i havet og det røffe kystlandskapet.

Du kan eigentleg velje kva utsikt du vil ha. Det er berre å velje side på ferja.

Dette meiner NRK om Leirvåg - Sløvåg

Overfart og kaiar: 7

Mongstad og Sløvåg er ikkje vakre, men interessant å køyre forbi. Oljeplattformer flyt forbi og tankarane kjem tett på. Nordover ser ein ope kystlandskap.

Sløvåg fergekai

STEIN, SJØ OG ASFALT: Sløvåg ferjekai

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fartøy: 4

Melderskin er ei gamal askøyferje. Dei har god kapasitet, men tida har nok gått litt frå dei når det gjeld komfort. Vi må trekke for at det ikkje er salong over dekk.

MF Meledrskin

VED KAI: MF Melderskin

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Service og fasilitetar: 5

Kafeteriaen på Melderskin er ombygd frå tida på Bruravik-Brimnes. Kaffien er god. Kaiene har toalett, men elles lite å by på.

MF Melederskin - kafeteria

MAT OMBORD: Kafeteriaen på MF Melderskin

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Nostalgi og oppleving: 5

Gamle askøyferjer har sin sjarm for gamle askøyværingar. Fint med tidlegare ferjer på veggane.

Totalt 21 (av 40)

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Ekspander/minimer faktaboks