Hopp til innhold

Død mann funnen i sjøen

Politiet har identifisert den døde mannen som vart funnen i sjøen ved Kollevåg i Askøy kommune.

likbil

KØYRT VEKK: Den døde mannen som vart funnen i sjøen ved Kollevåg vart køyrt vekk frå staden.

Foto: Jarl Omestad / NRK

– Det er ein mann i byrjinga av 50-åra som vart funnen død, seier operasjonsleiar Erik Hole ved Hordaland politidistrikt til NRK.no

Det var søndag morgon at ein livlaus mann vart observert i sjøen ved Kollevåg i Askøy kommune. Kl. 10:35 kunne Hordaland politidistrikt melde at ein mann var tatt opp av sjøen og erklært død.

bielte

IDENTIFISERT: Politiet har identifisert mannen som vart funnen død i sjøen ved Kollevåg i Askøy kommune søndag morgon.

Foto: Tom-Stian Karlsen / Askøyværingen

Politiet har no identifisert mannen.

– Mannen er identifisert og dei pårørande er varsla. Vi har hatt samtale med dei og vil hjelpe dei med oppfølging. Vi vil ikkje frigje namnet i dag, seier Hole.

Livlaus mann observert

– Det var forbipasserande som oppdaga ein livlaus mann i sjøen og ringde til politiet, seier Hole.

Kollevåg er eit strandområde på Askøy utanfor Bergen.

– Mannen vart funnen ved ein fritidsbåt, seier innsatsleiar Kjetil Øyri til NRK.no på staden.

Peiker på ei ulykke

– Omstende peiker på at det har skjedd ei ulukke. Vi har ingen grunn til å tru at det har skjedd noko straffbart, seier Hole.

Politiet har no sprerra av området ved eit grillhus i Kollevågen der mannen vart funnen.

– Vi etterforskar saka vidare for å kartlegge hendinga, seier Hole.

Gjorde overflate søk

– Våre dykkarar vart bedt om å hjelpe politiet i funnet. Vi har gjort overflatesøk, og ventar på fleire ordre frå politiet, sa vaktkommandør Jan Henning Fossedal i 110 Hordaland tidlegare i dag.

Kollevåg