– Vi kjenner ikkje identiteten til den omkomne enno, seier operasjonsleiar Jan Steimler i politiet til NRK.
Etter å ha søkt i vatnet med ein fjernstyrt undervassfarkost, gjorde politiet funn av ein død mann i Skogseidvatnet i Hålandsdalen i Fusa onsdag. Sidan fredag har ein 31 år gamal mann frå Bergen vore sakna, etter at kajakken han og ein kamerat sat i gjekk rundt.
Den eine av dei kom seg trygt i land, men vart ståande å sjå kameraten forsvinne i det mørke vatnet. Ulukka skjedde ved midnatt fredag.
Tidlegast identifisert i morgon
Ein stor redningsaksjon vart sett i gang, men laurdag formiddag vart den trappa ned.
– No må vi undersøkje om mannen vi har funne er den sakna. Det gjer vi tidlegast i morgon, avsluttar operasjonsleiar Steimler.
Den omkomne mannen vart funne på sju meters djup, ikkje langt frå land.