NRK Meny
Normal

Dette kan kosta deg 6000 kroner

Bilførarar som ikkje tek omsyn til fotgjengarar langs vegen ein regnversdag, risikerer høge bøter.

Bilar sprutar på fotgjengarar langs regnvåte vegar i Bergen.

KAN BLI DYRT: 6000 kroner i bot, kan bli resultatet av å spyla vatn på fotgjengarar.

Har du opplevd å gå langs ein våt veg i, og så kjem ein bil forbi og sender ei solid bølge med vatn mot deg?

Dette er ein kjend situasjon i regnvérsbyen Bergen og andre stader med store nedbørsmengder. Spesielt no om hausten er risikoen stor for å ein ufrivillig dusj.

Overvatn i vegbana

VÅT OPPLEVING: Det er ikkje lett for fotgjengarar å ta seg fram langs regnvåte vegar i Bergen.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Og opplever du dette, kan du faktisk melda bilføraren til politiet.

Risikerer straff

– Får me inn ei slik sak, vil me etterforska og resultatet kan bli bot, seier fungerande leiar for trafikkseksjonen ved Hordaland politidistrikt, Arne Sangolt.

Vegtrafikklovens paragraf 3 seier at bilførarane skal «...vise hensyn mot dem som bor eller oppholder seg ved vegen».

– Ser våre folk at fotgjengarar blir kraftig nedspylt, kan bilføraren bli stoppa,tilsnakka og risikera anmeldelse, seier Sangolt.

Bøter som svir

– Brot på paragraf 3 blir vanlegvis straffa med bøter på 6000 kroner, fortel politiadvokat Jan Christian Alvheim.

Fører nedspylinga til skade på klede og liknande, kan det bli endå dyrare for bilføraren.

– Eventuell erstatning for skade vil koma i tillegg til bota, seier Alvheim

Farleg for bilførar

Overvatn

MYKJE VATN: Det er store mengder vatn som kan flyta over vestlandsvegar ein regnvérsdag.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Haustvéret dei siste dagane har ført til mykje overvatn på mange vegar. Då risikerer bilførarar også vassplaning, dersom det går for fort.

Dette kan føra til uhell med både person- og materielle skadar.

– Også i slike tilfelle kan politiet gje bøter. I grove tilfelle kan me til og med inndra førarkortet, seier Arne Sangolt ved trafikkseksjonen.

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2