Hopp til innhold

No blir det varmt i Bergen

Det er framleis regnbyer som vil prege sundagen, men frå tysdag blir det varmt i Bergen.

Utsikt frå Fløien

VARMT I BERGEN: Til veka blir det varmare i Bergen, og i indre strøk kan det bli opp mot 24 grader. Dette bilete er frå byrjinga av august i år.

Foto: Dagrun Stokke / Sjåarbilete

– Me har eit lågtrykk det tar litt tid å bli kvitt, men eit høgtrykk vil besøkje oss frå tysdag, seier Anna Reistad som er statsmeteorolog.

– Høgtrykket ligg over Færøyane natt til tysdag og kjem til oss over Nordsjøen, og det vil bli ganske fint vær framover, seier Reistad.

Til og med laurdag kan høgtrykket skape godvær i distriktet.

– Det kan bli rundt 20 grader, trur eg, og i indre strøk vil temperaturen mest sannsynleg ligge på rundt 23–24 grader, seier Reistad.

– Ikkje varmt som i juli

Sjølv om det blir høge temperaturar til veka, så vil ikkje det bli like varmt som i sommar. Det kan bli nedbør, og det er mest fare for ettermiddagsbyer i indre strøk.

– Dette høgtrykket me kjem til å oppleve er ikkje så varmt som me opplevde i juli og i første delen av august. Høgtrykket dannar seg over sjø og vatn, så det er ikkje så veldig høge temperaturar i høgda, og det blir ikkje like varmt, seier Reistad.

– Men, 20 grader er ikkje så verst, legg ho til.