NRK Meny
Normal

Hus totalskadd i brann

Ingen personar var i huset som blei fullstendig utbrendt på Halsnøy i Kvinnherad. Brannvesenet klarte å berga nabohusa.

Brann på Husnes

FARE FOR SPREIING: Politiet vurderer å evakuere naboane til huset som brenn.

Foto: Håvard Røyrvik, Kvinnheringen

SISTE: Klokka 11.46 melder politiet at brannen er sløkt.

– Det blir meldt om full fyr i eit hus, fortel brannsjef Grete Nesheim i Kvinnherad kommune.

Meldinga om brannen kom i 10.30-tida fredag. Lokalt brannvesen kom etter kort tid til brannstaden, som ifølge avisa Kvinnheringen ligg i eit bustadfelt i Landmarka på Halsnøy i Kvinnherad.

– Fare for spreiing

Det var på meldingstidspunktet uvisst om det var personar i huset då det tok til å brenne.

– Det er litt uklart om det er personar i huset. I ei melding blir sagt at det er eit hus som har står tomt. Politipatrulja må få kontrollera dette, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Lars Geitle.

Laster Twitter-innhold

– Det er full overtenning i huset, og det er hus i nærleiken. Det kan vera fare for spreiing, så viss det er personar i nabohusa vurderer vi evakuering, fortel Geitle.

Ingen personar i huset

Politiet opplyste seinare at dei ikkje hadde grunn til å tru at det var nokon i huset. Nabohusa blei evakuert, og brannvesenet konsentrerte seg om å hindre spreiing.

Klokka 11.46 kunne politiet melde om at brannen var sløkt, og at ingen personar var kome til skade. Brannvesenet hadde også klart å hindre spreiing av brannen til nabohusa.

Huset som brann er totalskadd.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.