Hopp til innhold

Sperra av europavegen etter bustadbrann

Brannvesenet måtte stenga E39 det braut ut brann i ein bustad i Sandviken.

Brann i Jægerbakken i Sandviken

Motorvegen i Sandviken vart sperra av i sørgåande retning medan brannvesenet sløkte.

Foto: Manuela Twrsnick / 03030-tipser

Den første meldinga om brannen kom inn like før klokka 13.30.

– Det er fem personar registrert på adressa, så langt har vi ikkje fått kontakt med dei, melde politiet på Twitter. Dei legg til at det ikkje er meldt om personar i bustaden.

Bustaden det brann i ligg i Jægerbakken. E39 i Sandviken var stengt i sørgåande retning, fordi brannmannskap måtte ha plass til å drive sløkkjearbeid.

No er det manuell dirigering i eitt felt.

Såg røyk kome ut av taket

Røykdykkarar vart raskt sendt inn for sløkke brannen og søke gjennom dei tre etasjane i bygget. Dei kunne konstatere at ingen bebuarar var til stades då det byrja å brenne. To hundar i underetasjen er henta ut i god form.

Tommy Ramstad er nabo til huset i Jægerbakken. Han høyrde sirenene komme nærare og nærare og gjekk ut for å sjå.

– Då såg eg at det velta grå røyk ut av taket på bygningen.

Brann i bustad i Jægerbakken i Bergen.

Video/foto: Adalheidur Oldeide

Veit ikkje årsaka

Klokka 14.30 er brannen sløkt.

– Det er ingen personskadar. Brannvesenet driv no med ettersløkking. Brannen spreidde seg oppover i bustaden, fortel innsatsleiar Tom Øyvind Johannessen til NRKs reporter på staden.

Årsaka til brannen er ikkje kjent.