Hopp til innhold

Bheki blei fengsla i heimlandet – blir nekta opphald fordi han har to pass

BERGEN (NRK): Demokratiforkjemparen Bheki Dlamini skaffa seg eit falsk pass då han flykta frå regimet i Swaziland. No maktar han ikkje overtyda Noreg om at passet er falskt.

Bheki Dlamini har budd i Bergen sidan 2015. Den politiske aktivisten frå Swaziland har gjennomført ein mastergrad under studieprogrammet Students at risk, men får ikkje asyl fordi han har nytta eit sørafrikansk pass.

BLIR UTVIST: Bheki seier han torturert i heimlandet. No blir han utvist før nyttår fordi han har to pass.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Bhekumusa «Bheki» Dlamini frå Swaziland blei i 2015 invitert til Noreg gjennom studentprogrammet Students at risk.

Programmet gir forfølgde og politisk engasjerte studentar verda over sjansen til å fullføra utdanninga i eit anna land.

Året før hadde 36-åringen flykta frå heimlandet Swaziland, eit monarkisk einevelde på sørspissen av Afrika.

Studentaktivisten sat nesten fire år i fengsel, skulda for terrorisme, før han blei lauslaten og flykta i eksil til nabolandet Sør-Afrika i 2014.

Har to pass – meiner Noreg tar utgangspunkt i det falske

Der skaffa han seg falske papir og fekk ferda ut eit sørafrikansk pass for å verna seg mot styresmaktene i heimlandet.

Men dei to passa viser seg no å vera skjebnesvangre for Dlamini si framtid i Europa.

Utlendingsnemnda legg til grunn at han er sørafrikansk statsborgar. Dermed er han å rekna som ein grunnlaus asylsøkar, og har fått avslag på søknaden om politisk asyl.

Nyttårsaftan blir han etter planen sendt ut av landet.

– Det er sjokkerande. Eg slit framleis med å forstå det, seier Bheki Dlamani til NRK.

Bheki Dlamini fra Swaziland

STUDENT: Bheki Dlamini har budd i Bergen sidan 2015. Den politiske aktivisten frå Swaziland har gjennomført ein mastergrad under studieprogrammet Students at risk, men får ikkje asyl fordi han har nytta eit sørafrikansk pass.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Konge endra namn på landet

Kongedømet Swaziland ligg omgitt av Sør-Afrika på grensa til Mosambik, og er det siste absolutte monarkiet i Afrika.

Kongen har all makt, og så seint som i fjor endra kong Mswati 3 det offisielle namnet på landet til Eswatini.

Politiske parti er forbode, og ifølge menneskerettsorganisasjonar risikerer protestar og demonstrasjonar å bli møtt med vald og sanksjonar.

For Bheki, som var leiar i ungdomsgreina av det forbode partiet People’s United Democratic Movement (PUDEMO), resulterte det politiske engasjementet i eit fengselsopphald utan dom.

– Eg blei slått av politiet og torturert i fengselet. Dei ville ha meg til å vedgå ting eg ikkje hadde gjort, seier Dlamini.

Han har brukt julehøgtida til å lesa gjennom papir frå Utlendingsnemnda (UNE) i leilegheita han bur i Solheimslien i Bergen.

Kong Mswati

KONGEN: Kong Mswati III avbilda i 2012 under den årlege seremonien i Swaziland, som mønstrar fleire titals tusen av landets ugifte jenter. Kongen sjølv har fleire koner, og nytta monarkiet sitt 60-årsjubileum i 2018 til å endra namnet til eSwatini.

Foto: Themba Hadebe / Ap

Plassert i hurtigkø

Etter at mastergraden ved UiB var fullført i 2017, søkte han om politisk asyl i Noreg.

Men på grunn av det sørafrikanske passet blei Bheki Dlamini si sak plassert i 48-timarsprosedyren, hurtigkøen som er tiltenkt openbert grunnlause asylsøknader.

Hans trong for vern på bakgrunn av tilknytinga til Swaziland, er dermed ikkje tatt stilling til.

Dlamini og hans advokat stemna like før jul UNE for retten for å unngå utsending til Sør-Afrika. Saka har enno ikkje vore oppe for retten

Fredag har ikkje advokat Brynjulf Risnes fått tilbakemelding frå domstolen om saka blir tatt opp før årsskifte.

– Det spesielle med denne saka er at ein ikkje trur på dokumenta. Ser ein dokumenta i samanheng er det ingen tvil om at den sørafrikanske identiteten er uriktig. Då burde det vera nokså opplagt at også UNE legg til grunn at han er frå Swaziland, som også Students at risk har gjort, seier advokat Brynjulf Risnes.

Universitetet reagerer

For også Universitetet i Bergen, som inviterte Dlamini til Noreg, reagerer på at tilknytinga til Swaziland ikkje blir tatt stilling til.

To gongar har ein dokumentar om aksjonisten sitt arbeid i heimlandet vore sendt på norsk tv. Episoden er tilgjengeleg i NRK TV.

– Denne saka har skapa ei viss uro hjå oss. Det er jo hans situasjon i Swaziland som har brakt han til Noreg, og då er det vel rimeleg at det også blir lagt til grunn når ein ser på eventuell retur, seier universitetsrektor Dag Rune Olsen.

I den sørafrikanske fødselsattesten var den påståtte mora til Dlamini 47 år gamal ved fødselen.

– Både mi gjennomgang av saka og dei opplysingar eg har fått frå Students at risk tyder på at han berre har brukt Sør-Afrika som eit transittland. Det er ein betydeleg fare for at han blir deportert til Swaziland om han blir sendt til Sør-Afrika, for på eit eller anna tidspunkt vil det bli oppdaga at statsborgarskapet der ikkje er korrekt, seier advokat Risnes.

No blir Dlamini truleg sendt ut av landet fordi han ikkje klarar å bevisa at hans sørafrikanske tilknyting er falsk.

– Eg opplever at denne saka har kokt ned til eit spørsmål om kor eg kjem frå Sør-Afrika eller Swaziland og ikkje eit spørsmål om kor vidt eg treng vern eller ikkje, seier Dlamini.

Tar ikkje stilling til frykt for forfølging

UNE legg til grunn at Dlamini har dobbelt statsborgarskap, all den tid han har sørafrikansk fødselsattest og er folkeregistrert i landet.

UNE viser til at 36-åringen ikkje har gitt norske styresmakter fullmakt til å innhenta opplysingar frå styresmaktene i Sør-Afrika om at han ikkje er statsborgar der.

Årsaka er, ifølge Dlamini, at han då fryktar ein sikker deportasjon til Swaziland om han ikkje skulle få opphald i Noreg.

«Troverdigheten av klagerens forklaring svekkes også av at klageren først i 2017 opplyser at det sørafrikanske passet ikke er riktig ferda ut fordi han ikke er sørafrikansk borger. Samtidig har han brukt passet til å krysse et stort antall grenser», heiter det i det endelege vedtaket frå UNE datert 19. desember.

Dlamini blir dermed transportert til Sør-Afrika, utan at UNE tar stilling til Dlamini si frykt for forfølging i Swaziland.

Utlendingsnemnda hadde ikkje høve til å stilla til intervju med NRK i denne saka, men avdelingsleiar Georg Magne Rønnevig skriv følgande i ein e-post.

– Ei samrøystes nemnd har konkludert med at hans forklaring om passet ikkje er truverdig. UNE meiner han ikkje risikerer forfølging ved retur til Sør-Afrika, skriv Rønnevig.

Dansk-norsk dokumentarserie. Bheki Dlamini er politisk ungdomsaktivist i det lille afrikanske eneveldet Swaziland. Han har sittet fire år i fengsel for noe han ikke har gjort, og med en gang han ble løslatt, måtte han rømme fra hjemlandet. Dlamini risikerer mellom 10 og 15 års fengsel hvis han vender tilbake. Vi møter seks ukuelige mennesker som nekter å tie om sine historier. (6:6)

NRK TV: Vi møter seks ukuelige mennesker som nekter å tie om sine historier. Bheki Dlamini er en politisk ungdomsaktivist i det lille afrikanske eneveldet Swaziland. Ifølge en sørafrikansk advokat risikerer Dlamini mellom 10 og 15 års fengsel hvis han vender tilbake.