Hopp til innhold

Båt med elleve personar om bord gjekk på grunn

Tre personar er sendt til Haukeland med lettare skadar etter at ein båt gjekk på grunn ved Kolbeinsvik i Austevoll i natt.

– Klokka 03.17 fekk me melding at ein båt med elleve personar hadde gått på ein stein ved moloen på Kolbeinsvik. Båten tok inn vatn, seier Preben Vallestad i Hordaland politidistrikt.

Politiet sendte ut ei patrulje frå Austevoll lensmannsdistrikt og ein politibåt frå Bergen. Også redningsskøyta og dykkarar frå brannvesenet vart sendt til staden.

– Klokka 03.31 fekk me melding om at alle dei elleve personane som var i båten var kome seg på land.

Tre personar vart behandla på staden av ambulansepersonell og tatt med i ambulansebåt til Haukeland sjukehus.

– Politiet har tatt rutinemessig blodprøve av båtførar, men ingen av personane skal ha vore overstadig berusa ifølgje Vallestad.