Hopp til innhold

Politiet: – Han kan vera kor som helst

Politiet avsluttar søket etter Trond Erik Lohne (61) som har vore sakna sidan onsdag.

Leiteaksjon i Olsvik

Leitemannskapa har laurdag søkt i terrenget i ein radius på om lag ein kilometer frå bustaden til sakna Trond Erik Lohne (innfelt).

Foto: Espen Hatlestad / NRK

– Vi avsluttar det vi kallar aktivt søk, og saka går over til å vera ei etterforskingssak av sakna person, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue, i Vest Politidistrikt, laurdag kveld.

61 år gamle Trond Erik Lohne frå Olsvik i Bergen blei meld sakna onsdag. Familien hadde kontakt med han på telefon måndag, men etter dette stoppar alle spor etter mannen.

I fleire dagar har politiet og leitemannskaper gjennomført søk i området der han bur, utan resultat.

– Vi har søkt gjennom områda som var mest aktuelle, og har ikkje meir å gå på der. Han kan vera kor som helst, seier operasjonsleiaren.

Ber framleis om tips

Politiet har heile tida vore i dialog med den sakna sin familie, og forklarer at familien er orientert om at søket er avslutta.

– Men vi er framleis svært interessert i tips i saka, seier Thue.

Politiet tek imot tips på telefon 02800.

Trond Erik Lohne

Den sakna, Trond Erik Lohne (61).

Foto: Politiet

Den sakna, Trond Erik Lohne, er:

  • 175 cm høg
  • Grått hår
  • Går ofte med caps

– Sjekk hagane i Olsvik!

Laurdag føremiddag starta søket med over 50 personar frå Røde Kors, Norske Redningshundar og Sivilforsvaret i aksjon.

– Det same området blei søkt gjennom fredag, men no gjer vi eit finsøk, sa John-Endre Skeie, innsatsleiar i politiet, til NRK.

Samtidig jobba politiet med taktisk etterforsking for å prøva å finna spor etter han. Politiet ber framleis bur i området om å sjå rundt husa sine og i hagebodar etter den sakna.

Leiteaksjon Olsvik

Over 50 personar frå Røde Kors, Norske Redningshundar og Sivilforsvaret leitar etter 61-åringen.

Foto: Espen Hatlestad / NRK