Hopp til innhold

Dette blir Norges første bru med tiltak mot sjølvmord

Snart blir Askøybrua utanfor Bergen den første brua i Norge med kamera og sensorar. Målet er å hindre sjølvmord.

Askøybrua

FÅR KAMERA OG SENSOR: Askøybrua blir den første brua i landet med sjølvmordførebyggande tiltak.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Frå januar til juni i fjor hadde politiet 17 utrykkingar til såkalla «personlege forhold» til Askøybrua.

Bakgrunnen for at ein no ønskjer førebyggande tiltak mot sjølvmord på brua er ei markant auke i talet på sjølvmordsforsøk frå brua sidan 2012, skriv Bergens Tidende.

På plass om kort tid

Om kort tid vil tiltaka vere på plass, fortel innsatsleiar i politiet, Gustav Landro.

Videoovervakinga av brua har kosta fleire millionar kroner. Dei skal vere kopla til sensorar på utsida av brugjerdet.

– Vi får bilete frå brua av Vegtrafikksentralen. Dette er snart operativt, seier Landro til BT.

Det var fylkesutvalet i Hordaland som vedtok utbetringane for over eitt og eit halvt år sidan.

Kan få høgare gjerde

Lensmann Odd Dale er nøgd med utbetringane. Det han ser på som fordelane er at det blir lettare å halde oversikt over kva som skjer på brua. Ofte får politiet uklare tips.

Tiltaka gjer også at politiet raskare kan gripe inn i reelle situasjonar og avverge hopp.

Hordaland fylkeskommune vil også utreie om brua kan ha eit høgare gjerde enn den har i dag. Dette er også eit tilak mot sjølvmord. Saka blir arbeidd med no, og ein konklusjon vil kome i haust.