NRK Meny

Ann-Helen si historie

- Eg trur eg kjøpte graviditetstestar for tusenvis av kroner. Eg grein. Og såg på alle dei positive testane. Ingen måtte vite, seier Ann-Helen Johnsen.

Ann-Helen Johnsen
Foto: Privat

Artikkelen er flere år gammel.

SJÅ NRK BRENNPUNKT: Dopa babyar og fulle vaksne

Spinkle fingrar grip om colaflaska på kjøkenbordet. Den langlemma dama ser ned. Fiklar fram ein raud prince og tek eit aldri så lite magadrag. Veit at det ikkje er bra for pjokken i magen, men kan ikkje anna enn å ignorere tankane. Ho har trening i slikt.

Dette er historia til Ann-Helen. I dag er ho trebarnsmamma i kommunal bustad, den fjerde ungen ser dagens lys kva tid som helst. I dag er ho innlemma i LAR-systemet, og tek sine daglege dosar subutex.

Kvar dag fryktar Ann-Helen at barnevernet skal ta ungane frå ho. For 32 år sidan vart ho sjølv gjeven over til barnevernet, før ho hadde fylt året.

Barneheimsborn

21. desember 1978. Ann-Helen kom til verda like før jul. Oppveksten var prega av utryggleik og einsemd. Faren stakk raskt av, det gjekk vel eit par månader. Mora sleit med alkoholproblem, og klarte ikkje å ta seg av den vesle jenta. Den første bursdagen i Ann-Helen sitt liv blir feira på barneheimen.

Som to-åring fekk Ann-Helen fosterforeldre på Askøy. Men etter eitt år ville mora ha ho tilbake. Som sagt så gjort. Mora var blitt gravid på ny, med ein ny mann. Ann-Helen fekk ein veslebror. – Vi hadde ein fin oppvekst dei åra stefaren min var inne i bildet, fortel ho med eit skeivt smil og rolege auge.

– Det var gode barndomsår, dei få åra eg fekk der i Salhus.

Idyllen varte ikkje. Etter kvart braut dei vaksne opp. Stefaren tok med seg veslebroren og reiste. Tilbake sat Ann-Helen med mor si.

– Eg fekk sjå ting eg aldri burde ha sett, seier ho.

– Det var folk ut og inn heile tida. Eg forsvarte mamma og prøvde å hjelpe ho, men det gjekk ikkje. Eg var seks år.

Ann-Helen som barn

Oppveksten til Ann-Helen var mykje prega av utryggleik og einsemd.

Foto: privat

– Dei skal ikkje ha det slik eg hadde det

Verandaen er bada i haustsol utanfor kjøkenglaset til Ann-Helen. Ho plukkar opp den gule lighteren frå S-laget og tenner ein ny røyk, sukkar ved tanken på barndommen. To meter bortanfor sit ei lita tulle på eitt år i barnegrinda og leikar. Små klukk kjem frå den vesle lysluggen. Fireåringen er framleis i barnehagen. Men på veggen er ho og dei andre ungane hjarteleg til stade. Smilande bilder av smilande småbarn nærast dekkar veggen.

Barnehagejenta har eit smil som smeltar stein, eit nyfikent, blått blikk berre ei på fire kan ha.

Det er ikkje lett for nokon og einkvar å få fleire små på rekke og rad. Sikkert nok ekstra vanskeleg når ein er tidlegare barnevernsbarn, tidlegare narkoman og prostituert. Og noverande LAR-pasient, med angstproblem, hjarteproblem og epilepsi. Ann-Helen seier det om igjen og om igjen.

– Dei skal ikkje ha det slik eg hadde det.

Innom paradis

Tilbake til 80-talet. Etter tre år i same hus som mora var det over. Mor reiste til Sverige på ubestemt tid, Ann-Helen budde eit par veker hos tanta på Nesttun. Dei tidlegare fosterforeldra ville gjerne ha ni-åringen tilbake i familien. Og slik blir det.

– Etter to dagar gjekk eg bort til fostermor mi, sette meg på fanget hennar og spurde om eg kunne få kalle ho mamma, seier Ann-Helen og ler litt.

– Ho sa at det kunne eg sjølvsagt. Det var paradis, altså. Eg hadde det godt. Der var det ingen høg musikk, det var ingen som banka på døra om natta, det var ingen politibilar utanfor.

Men ni år gamle Ann-Helen bar preg av åra i Bergen.

– Eg var ei veldig utrygg jente. Dei kunne ikkje late att døra til rommet mitt om natta. Eg hadde så mykje mareritt. Dei strevde for å gje meg tryggleik i det heile teke, seier Ann-Helen. Tek ei lita tenkepause.

– Den utryggleiken om natta, den har eg framleis, den slepp aldri taket.

Hakkekyllingen

Om fosterheimen var nærast himmelsk, så var skulen det stikk motsette for ho nye i tredje klassen ved namn Ann-Helen. Ho vart raskt ein hakkekylling, eit mobbeoffer.

– Lærarane gjorde sitt til at eg ikkje skulle bli mobba, seier ho.

– Men eg var eit spesielt barn, og alle visste kven eg var. Eg var nok litt for åpen, og fortalte kva eg hadde opplevd i byen.

Det straffa seg. Ann-Helen vart kalla løgnar, ho hadde stygge klede, ho var eit utskudd av ein fosterunge. Ikkje rart at mora ikkje ville ha ho, sa dei.

Ungdomsskulen gjekk med til å prøve å gjere seg usynleg, gøyme seg. Det vart mykje lekselesing aleine i friminutta, for å seie det slik.

– Det var berre to som ikkje mobba eller gjorde narr av meg, seier Ann-Helen.

– Lise og Irene, eg kjem aldri til å gløyme at dei prøvde å forsvare meg. Veit ikkje kva eg hadde gjort hvis det ikkje hadde vore for dei, seier ho med eit tungt sukk. Det er tydeleg å lese i ansiktet hennar at desse minnene gjerne skulle vore sletta.

I 1993 dukka mor til Ann-Helen opp igjen etter mange år i utlandet.

– Eg klandrar ho ikkje, seier Ann-Helen bestemt.

– Eg forstår ho.

Ann-Helen Johnsen som ungdom

I ungdomstida byrja Ann-Helen å drikka øl og røyka. Ho ville vekk frå alt - fort.

Foto: Privat

Opprør

15-årige Ann-Helen møtte mora av og til, men flytta aldri heim att til ho. Eit opprør var på gang i tenåringen. Ho gjekk ut av ungdomsskulen med greie karakterar, kunne fint gått vidare på skule og fått seg ei utdanning. Men det var ikkje fokuset for denne jenta. Ho ville vekk frå alt. Og det fort. Ann-Helen ville på folkehøgskule, men fosterforeldra sa nei. Dei vart overkøyrde av velmeinande barnevernsfolk som meinte tenåringen ville ha godt av eit friår.

– Fram til den tid hadde eg ikkje rørt rusmiddel, utenom eit par kjeftar øl og nokre røyk, fortel Ann-Helen og kikar ut glaset, utan heilt å feste blikket.

– Så kom eg på folkehøgskule, eg var så happy! Og tenkte at no skal eg gjere akkurat som eg vil!

Det unge Ann Helen trudde det ho ville var å drikke øl og røyke. Men innvendig gjorde ikkje rusen ting så mykje betre. I alle fall ikkje dagen derpå.

– Eg tenkte sånn at det var eit drittliv, eit fuckings liv. Det var ingen som forsto meg, følte eg. Og eg hadde ingen å snakke med.

Hei mamma, tenker på deg... Savner dere veldig mye... Vit at selv om jeg ikke alltid ringer deg, så er du alltid den beste mamma i verden for meg. Eneste hjemmet jeg noen gang har hatt det godt i. Takk for alt dere har lært meg... Takk for all den varme kjærligheten dere alltid gir meg... Takk for den gode omsorgen dere har for meg... Men mest av alt, takk for at jeg alltid fikk være meg selv... Elsker dere av hele mitt hjerte, kjære mamma og pappa.

Ann-Helen si dagbok

På Askøy satt fosterforeldrene og ante uråd. Barnevernet trudde det var den vanlege ungdomsfylla, av typen som roar seg ned etter litt prøving og feiling. Det var det ikkje. Mindre enn eit halvt år på folkehøgskulen var gått då Ann-Helen sa takk for seg. Ikkje ville ho tilbake til mobbarane på Askøy heller. Ho ville vekk frå alt, vere fri. Tinga ho eig vart henta hjå fosterforeldra, deretter lagra på eit barnevernskontor. Ann-Helen fekk beskjed av kontoreigaren at ho nok måtte overnatte hjå venniner framover.

– Den beskjeden fekk meg til å tenke sånn at, yes – no er eg fri, no kan eg gjere kva faen eg vil. Då var eg 16 og eit halvt. Ann-Helen ler tørt.

Det er ikkje berre å knipse etter venninner når ein er heimlaus og mindreårig, i alle fall ikkje når sjølvtilliten er på bånn. Men hjå ei gruppe blir Ann-Helen helsa velkommen – hjå rusmisbrukarane.

– Eg sov litt her og der, og begynte å drikke enda meir, seier ho.

Nye typar rus

Den første tida i rusmiljøet halta vidare. Ann-Helen fekk hjelp av ein reddande engel til å få plass på akuttmottaket for ungdom. Men det funka ikkje. Så inhalerte ho den første jointen. Og opplevde enda ein type rus, ho vart forelska. Og gravid.

Ny flamme og framtidig far gjekk frå Ann-Helen då ho var i sjuande månad. Ho drakk tett på det tidspunktet og budde på hospits, smerteleg klar over kva som skjedde i magen, men ute av stand til å endre seg.

– Eg sa det til barnevernet, at de må hjelpe meg, eg klarer ikkje å komme ut av dette her. Eg ba om tvangsavrusing, var desperat etter hjelp. Men dei kunne ikkje hjelpe meg.

Som 20-åring føder Ann-Helen sitt første barn, ei lita jente. Ho er fødd med Føtalt alkoholsyndrom, FAS, på grunn av alkoholinntaket til Ann-Helen.

Henta av barnevernet

Barnet vart raskt henta av barnevernet. Ann-Helen var fanga i sitt eige nett av dårleg samvit og depresjon. Kven sa at livet er rettferdig. Det var ikkje meir å miste no.

– Eg gjekk rett på heroin, fortel ho.

– Eg var lei. Livet gjekk berre ein veg og det var ned.

Ann-Helen fekk seg type. Men det var langt fram til katt og kaniner på landet. Ho måtte finansiere eit stadig aukande heroinforbruk. Pluss typen sitt heroinforbruk. Ja, og så mora til kjæresten, som også var narkoman. Løysinga vart å trekke på gata.

- Det var lange dagar og lange netter, for å seie det sånn, for å få inn nok pengar.

Bilene suste forbi på den mørke kaien. Det blåste opp til storm. Det var nesten ikke et menneske å se. Hun frøs. Hun trakk den tynne kåpen tettere om seg. Følelsene i bena hadde hun mistet for lenge siden. Men det var vel og bra, for da kjente man ikke kulden. Hun hadde stått her i tre timer nå og enda ikke fått jobb. Tomme kontorer, mørke vinduer overalt. Det fantes ingen glede, ingen trygghet, eller et krypinn å varme seg i. Det var ren tortur, sa hun til seg selv. Mange hadde spurt henne om hvorfor hun ikke bare kunne slutte med heroinen og å gå på gaten. Hun hadde repetert seg selv mange ganger, men det sank bare ikke inn hos folk. Man kunne ikke klandre dem heller. Folk trodde man bare kunne våkne og slutte med dritten.

Ann-Helen si dagbok

Dottera såg ho berre eit par gongar. -Ungen fortente ikkje å ha ei mor som var full av nålestikk, seier ho. Ser ned i bordplata, ein mørkeraud pannelugg dekkar augene. Eitt-åringen i leikegrinda er framleis oppslukt av ein grøn plastleike.

Ann-Helen Johnsen
Foto: Privat

Redda

I 2003 var Ann-Helen nærare døden enn livet, kvar heroinsprøyte kunne bli den siste. Ho var 50 kilo og utmagra.

-Eg ga faen, seier Ann-Helen. -Eg snakka ikkje med nokon.

Så dukka han opp. Mannen. Ikkje var han junkie, og han påsto sågar at han ikkje vil ha noko frå ho. Han syntes synd på ho og ville hjelpe, enkelt og greitt. Og han var ein god, gammaldags stabeis. Han fiksa subutex frå Danmark. Han ga ho mat, vaska kleda hennar. Kjøpte nokre nye plagg.

–Han fiffa meg opp, flirer Ann-Helen og tenner ein ny sigarett.

– Åååhh... Den gleden av å kunne sjå på tv! Og dusje! Sånne småting som folk ikkje tenker over, det tenkte eg over. Mykje.

Vegen ut av heroinhelvetet var ikkje brulagt med roser, på ingen måte. Det vart sprekkar, det vart fleire sprøyter. Men ved hjelp av Mannen, la oss kalle han det, og illegal subutex så heldt Ann-Helen det gåande på eit vis. Mannen gjorde sitt. Han skreiv brev til offentlege kontor på Ann-Helen sine vegne, kunne ho få komme på tvangsavrusing. Nei. Kva med frivilleg avrusing. Nope, Ann-Helen var ikkje langt nok nede. Den illegale subutexen gjorde at ho hadde fått i seg mat, men verka altså mot si hensikt når det gjaldt å bli rusfri.

Så, så, det ordner seg, sa min kjære sjelevenn. Den gode genseren hans, duften av ham hadde merkelig nok en utrolig beroligende effekt på meg. Her kunne man sitte i timesvis, eller dager, eller helst for alltid. Da glemte man alt det vonde, all den makten som rådde. I verdens beste armer. Som aldri ville slippe igjen.

Ann-Helen si dagbok

Han klarte det til slutt, denne karen. Ann-Helen fekk komme inn på Bergensklinikkene for å kvitte seg med hungeren etter heroin. Etter fire vekers avrusing skulle ho endeleg få bli LAR-pasient, få subutex frå staten i staden for på gata. Avrusing var eit viktig kriterium for å komme inn i LAR. Før døra vart låst bak ho og gifta skulle ut, så visste Ann-Helen at dette var siste sjansen ho fekk av Mannen.

13. desember 2004, ein dato som står spikra for alltid i Ann-Helen sitt minne. Ho var ferdig med avrusinga, ho hadde klart det!

– Då var det berre...

Ann-Helen senkar stemma til ho er knapt høyrbar.

– Yes.

Anger

– Eg var frisk, seier ho med trist stemme. Trist fordi ho angrar på det som skjedde etter at ho vart LAR-pasient.

– Altså, du har klart deg i fleire veker utan rus. Frisk! Så skal du starte opp på subutex, og det skal liksom vere så fantastisk. Tenk om dei i staden hadde sagt at eg kunne få reise på Floenkollektivet eller noko. I staden for oppstart på subutex. Eg sa jo den gongen at, hei – eg treng ikkje den subutexen likevel. Men eg fekk til svar at joda, no står du oppført i LAR. Ferdig med deg.

Ann-Helen stryk seg over magen, smiler bort til eitt-åringen i leikegrinda. Tenner ein ny røyk og tek ein slurk cola. Ho veit inderleg godt at ho ikkje klarar å slutte med subutex no, ikkje no. Ikkje med ei på fire år, ei på eitt år, ein på veg. Ikkje når graviditeten har vore vanskeleg, med mykje sjukdom og energinivået snart på minussida. Ein treng ikkje høgare utdanning for å forstå at timinga for å gå av eit opiat er elendig. Ho ville ikkje fungert på vekesvis dersom ho kutta dei små, kvite pillane. Samstundes er 32-åringen like klar over at dette ikkje er det beste utgangspunktet ho kan gje barnet i magen. Ho kan berre håpe, vente og sjå.

– Eg angrar bittert, seier ho med fast røyst.

– Eg angrar den dag i dag på at eg begynte med subutex. Kunne eg gjort det om igjen, så hadde eg ikkje gjort det. Nei.

Syklusen

Tida etter avrusinga var hektisk. Ho flytta saman med Mannen. Var fersk LAR-pasient, men uvitande om at det ville auke sjansen til å bli gravid. Der kvinner på heroin sjeldan blir gravide, så stabiliserer syklusen seg ofte når ein går over til metadon eller subutex. Og sjansane for å bli gravid likeså. For Ann-Helen tok det eit par månader.

Ho fødte ei lita jente, ho som no er eit sjarmtroll på fire. Lillesøstra er tre år yngre, minsten er på veg. Vesla i leikegrinda vart behandla med morfin for subutex-abstinensane etter fødselen. Ei behandling Ann-Helen ikkje unner nokon, aller minst sine nyfødde born. Sjansen er stor for at også guten i magen må dopast ned med morfin på grunn av subutex-bruken.

Et lite liv vokser inne i meg
Et uskyldig lite menneske
Et lite mirakel
All medisinen som blir presset ned i magen
Den lille kroppen skjelver
Bare venter på å få komme ut
Før det er for sent
Jeg er så lei meg, lille venn

Ann-Helen si dagbok

– No er det nok, ingen fleire ungar på meg, flirer Ann-Helen og kubbar den siste røyken.

I leikegrinda skrik veslejenta, vil opp til mamma. Snart kjem fire-åringen frå barnehage, Mannen frå jobb. Ann-Helen legg ikkje skjul på at det er ein kamp, dette jordiske. Ho hentar opp det skrikande barnet, bukserar ho på fanget med den veksande magen mellom dei. Tørker tårene til eitt-åringen og smiler breidt til ho.

– Det går bra, lille venn. Det går bra.

SJÅ NRK BRENNPUNKT: Dopa babyar og fulle vaksne

LES MEIR: Født på rus betalt av staten

LES OGSÅ: Metadonborna blir ikkje registrerte | Null kontroll på born av tidlegare narkomane


Siste video

Amerikanske Ashley og turfølget gikk seg vill i tett snødrev på veg til Trolltunga. Nå takker hun redningsmannskapet for livet.
Amerikanske Ashley og turfølget gikk seg vill i tett snødrev på veg til Trolltunga. Nå takker hun redningsmannskapet for livet.