NRK Meny

Aggressiv mann sett i arresten

Ein mann i 30-åra sit i drukkenskapsarresten i Bergen sentrum etter ordensforstyrringar. Politiet fekk melding om eit slagsmål i Sparebanksgaten klokka 02.47, men då patruljen kom fram var det berre éin person att. – Han var utagerande og aggressiv og klarte ikkje oppføra seg, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund.