Hopp til innhold

«To Ole. From Axl Rose»

Andre var skuffa over lang ventetid. Ole Jørgen Brøm venta lengst av alle og fekk møta helten.

Møtte Axl Rose
Foto: Ole Jørgen Brøm / Privat

Mange med eit forhold til Guns N' Roses hadde sett fram til måndag 31. mai - dei amerikanske hardrockarane opna europaturnéen sin i Vestlandshallen i Bergen.

Men tilbakemeldingane frå presse og publikum var i beste fall blanda etter at bandet lot publikum venta i 143 minutt.

Ingen venta lenger enn Ole Jørgen Brøm. Bergensaren var på plass i Vestlandshallen før klokka var 14. Over fjorten timar seinare stod han utanfor hotellet på Bryggen - som ein av ytterst få bergensarar fekk han seg ein prat med frontfigur Axl Rose.

- Han smilte og var i godt humør og såg ut til å ha likt seg på konserten. Eg fekk autografen, «To Ole. From Axl Rose», den heng på veggen allereie, seier Brøm.

(Les meir under biletet.)

Møtte helten i Bergen
Foto: Ole Jørgen Brøm / Privat

- Ingen er større

Bergensaren som for tida bur i Dubai var ikkje vond å be då han fekk vita at heltane frå 80- og 90-talet skulle på scenen i heimbyen.

- For meg er han den største i rocken. Nesten uansett kva han gjer, så tilgjer eg han, seier Brøm som gir blaffen i at helten lot publikummet venta i timesvis.

- Han er ein primadonna, men ein primadonna eg diggar. Så at dei venta til etter klokka elleve med å komma på scenen er "eit fett", seier 36-åringen som har vore Guns N' Roses-fan så godt som heile livet.

Også ein gong tidlegare har han handhelst på Axl Rose. Det var i Stockholm i 1993.

- Satsar på Moskva

17 år seinare vart Brøm vitne til at bandmedlemmane tok seg ein nattetur i eit folketomt Bergen sentrum. Bryggen og Sjøfartsmonumentet var nokre av attraksjonane rockarane fekk med seg før dei flaug vidare til Oslo.

(Les meir under biletet)

Guns N`Roses på Bryggen

NATTEVANDRING: Medan bergensarane sov var Guns N' Roses på bryggevandring.

Foto: Ole Jørgen Brøm / Privat

Brøm er skråsikker på at han ikkje har sett rocke-heltane i levande live for siste gong. Konsertopplevinga i Vestlandshallen gav i aller høgaste grad meirsmak.

- Dei spelar i Moskva 8. juni. Eg håpar eg får ordna meg fri!