Hopp til innhold

– Politikken fyrst - så posisjonar

Høgre, KrF og Frp set seg ved forhandlingsbordet i dag.

Liv Røssland og Monica Mæland

Monica Mæland og Liv Røssland er blant dei som skal sitje ved forhandlingsbordet i dag.

Foto: NRK

I dag startar KrF, Frp og Høgre forhandlingar for å sjå om dei kan bli samde om ein felles politikk - også for dei fire neste åra.

Les òg: - Forberedt på å rydde kontoret

Les òg: Vil ha FrP ut av byrådet

Les òg: Miljøpartiene får innpass i Bergen

Politikken fyrst

Filip Rygg i KrF understrekar at kva posisjonar dei ulike partia får, er mindre viktig enn politikken dei borgarlege no skal verte samde om.

– Sist gong brukte me kanskje to eller tre veker på politikken, og berre ein halv dag på posisjonane. Eg trur det vil bli slik i år òg, seier Rygg.

Filip Rygg i debatt

Filip Rygg trur forhandlingane med Høgre og Frp kan bli tøffe.

Taust frå Høgre

Mykje er annleis no enn det var for fire år sidan. Frp har mista halvparten av veljarane sine, medan Høgre har fått seks nye representantar i bystyret.

Høgre feira stort på valnatta.

– Eg er berre så utruleg stolt av å bu i den vakraste byen i Noreg, og at bergensarane har sagt ja til politikken til Høgre, sa ordførarkandidat Trude Drevland valnatta.

Men no er Høgre tause, og ynskjer ikkje å kommentere forhandlingane i dag.

Fleire friarar

Tidlegare denne veka vart det klart at både Byluftlisten og Senterpartiet ynskjer å vere med i eit borgarleg samarbeid, og dermed er det fleire fleirtalsmolegheiter sjølv utan Frp.

– Eg konstaterar at Monica Mæland har mange friarar for tida, men det er Høgre, KrF og Frp som har vorte samde om å forhandle, seier Liv Røssland i Frp.

Monica Mæland, Trude Drevland og Hilde Onarheim

Som valvinnar har Høgre fleire friarar som vil regjere saman med dei i dei neste fire åra.

Foto: Kristine Askvik / NRK

Frp og KrF trur det blir tøffe forhandlingar.

– Me skal kjempe knallhardt for våre saker, og det skal sikkert dei andre gjere òg. Dette blir både gøy og spanande, seier Filip Rygg.

Også Liv Røssland er spent.

– Me har hatt ein god tone, men det kjem til å bli tøft og det kjem til å verte store diskusjonar.