Ordførar under budsjettdebatt: – Dette er pisspreik!

Utbrotet frå Bergen-ordførar Trude Drevland (H) kom medan ein annan politikar heldt innlegg. Og Drevland hadde gløymt at mikrofonen framleis var på.

Mikrofonen var på

Møtet i Bergen Bystyre vart streama direkte på Bergen kommune si nettside. Medan Lillian Vangberg (Ap) skulle halde sitt innlegg vart det fort tydeleg at Trude Drevland hadde gløymt å skru av mikrofonen sin.

«Kva er det som er så jævla viktig? Dette er jo berre pisspreik. Hæ? Er dette ein debatt? Det er jo berre drit». Dette var orda Drevland kom med under innlegget til Vangberg.

Vakte kraftige reaksjonar

Gruppeleiar i bystyret, Harald Schjelderup (Ap), reagerer kraftig på uhellet til Drevland.

Til BA seier han at han ikkje sjølv har høyrt lydopptaket, men at han ventar ei orsaking frå ordføraren dersom dette stemmer.

– Vi er vand med at ho kjem med ein del småkommentarar, og dei gongane ho går for langt tek vi det opp i bystyret. Men eg har aldri høyrt ho gå så langt som dette, gitt at lydopptaket stemmer, seier Schjelderup til avisa.

– Handla om ei tekstmelding

Drevland nektar for at utbrotet hennar hadde noko som helst å gjere med innlegget til Vangberg.

– Det var ein SMS der nokon påstod at dei ville starte ein debatt om noko som var særs ubehageleg. Eg slo ikkje av mikrofonen fordi eg fekk ein umiddelbar reaksjon på det som stod i tekstmeldinga, seier ho.

I BA vert det heile forklart annleis. Der vert Drevland sitert på at det heile gjaldt ein stor irritasjon over tidbruken til både hennar eige og andre sine parti, og at dei skulle rekke å votere før middag. Drevland seier til NRK at dette ikkje stemmer, og at det er ei mistyding mellom ho og avisa.

– Forferdeleg kopling

Likevel meiner ho det er uheldig at dette kom ut under eit bystyremøte.

– Men lat meg seie det slik. Eg har fått fleire sjikanerande tekstmeldingar no den siste timen. Eg beklagar at dette skjedde, men det handla om noko heilt anna enn bystyremøtet.

Forstår du at dette kan oppfattast som at det handla om den pågåande debatten?

Ja sjølvsagt. Eg ser jo at den koplinga er heilt forferdeleg, men eg har sagt til bystyret kva det var som faktisk skjedde her, og eg har lagt meg flat, seier Drevland som legg til at ho ikkje ordlegg seg slik til vanleg.

Etter at Drevland beklaga seg for bystyret, skriv Schjelderup dette i ei tekstmelding til NRK:

– Vi veit at Trude Drevland er eit kjenslemenneske. Men når vi har streaming direkte må vi vite at alt vi seier vert offentleg. Vi godtek sjølvsagt beklaginga og trur på ho når ho seier at dette ikkje var retta mot Lillian Vangberg. Det var det heller ingen grunn til. Lillian heldt eit glitrande innlegg.

Beklaga seg til Vangberg

Lillian Vangberg sjølv seier ho vart sett ut då ho høyrde kva som vart sagt medan ho haldt innlegget.

– Det er jo greitt at man har ulike meiningar, og det er meininga vi skal ha det i bystyresalen. Det er der debatten skal gå, seier Vangberg.

Kva tenkjer du om at Drevland seier at det heile handlar om ei tekstmelding som kom på eit uheldig tidspunkt?

– Eg høyrer ho seier det, og det må eg jo berre tru på. Men dersom nokon meiner at det eg seier er piss får dei meine det, men det er sjeldan at eg snakkar tull. Men Drevland har sjølv bedt meg om unnskyldning, den har eg godteke, fortel Vangberg.