Hopp til innhold

– Dei har erstatta ferja vår med ein «leikebåt»

Reserveferja på sambandet Husavik–Sandvikvåg er så lita at tungtrafikken ikkje kan køyre om bord når det er fjære.

Ferje Austevoll

MINI-FERJE: Denne ferja køyrer sambandet Husavik-Sandvikvåg, fordi Fosen Namsos Sjø har flytta den vanlege ferja til Våge-Halhjem.

Foto: Renate Møgster Klepsvik

– Eg reagerer veldig kraftig på at dei tek ferja frå oss og erstattar den med ei ferje som ser ut som ein liten leikebåt. Dei har meir enn halvert kapasiteten på ferjeavgangar, seier Austevoll-ordførar Renate Møgster Klepsvik.

Ferge trekkes til land utenfor Tysnes

TAUAST TIL LAND: Her blir Selbjørnsfjord taua til land av redningsskøyta Bjarne Kyrkjebø.

Foto: Redningsskøyten Bjarne Kyrkjebø

Etter at ferja «Selbjørnsfjord» grunnstøytte tysdag, har FosenNamsos Sjø sett inn ferja MF Heilhorn på sambandet Våge–Halhjem. Heilhorn går til vanleg går i trafikk mellom Husavik–Sandvikvåg, og som erstatning har austevollingane fått inn MF Sundferja.

Men MF Sundferja kan berre ta kring 12 bilar, og er så lita at tungtrafikk ikkje kan køyre om bord når det er fjære.

– Dette må få alle alarmklokker til å ringe både hos fylkespolitikarane og Skyss. Eg tykkjer det er frykteleg synd at Austevoll, som ikkje har andre omkøyringsmoglegheiter, igjen må ofre og li på grunn av ferjesituasjonen i fylket, seier Klepsvik

– Austevoll må lide igjen

Renate Møgster Klepsvik

OPPGITT: Ordførar i Austevoll, Renate Møgster Klepsvik.

Foto: Austevoll kommune

Dette er ikkje fyrste gongen folk i Austevoll må klare seg utan eller med redusert ferjesamband. Nok ein gong vert skuleelevar, studentar, arbeidsreisande og næringsliv råka.

LES OGSÅ: Ferjeturen skulle ta 35 minutt – la til kai ni timar seinare | Ordførere til opprør mot gamle ferger

– Me treng nye, sikre, og store nok ferjer på sambanda våre. Dette held ikkje, og no forventar eg at det vert sett inn strakstiltak på austevollsambanda, seier Klepsvik.

I tillegg til redusert kapasitet på Husavik–Sandvikvåg er også B- ferja på Hufthamar- Krokeide ute denne veka.

– Krevjande ferjekabal

Administrerande direktør i Fosen Namsos Sjø, Grete Fuglem Tennås, seier ferjeskiftet er ei naudløysing.

Grete Fuglem Tennås

– NAUDLØYSING: Administrerande direktør i Fosen Namsos Sjø, Grete Fuglem Tennås.

Foto: NRK

– Me har valt å gjere det slik for å halde oppe begge sambanda, men med redusert kapasitet. Det har vore ein ferjekabal som har vore veldig krevjande.

Fosen Namsos Sjø har no leigd inn MF Gulen frå Fjord 1, som skal setjast inn på Halhjem – Våge i løpet av fredag morgon. Då vil også austevollingane få tilbake ferja si.

– Kan ikkje vente til 2018

– Forstår de at folk blir frustrerte over at ferjesambandet deira nok ein gong blir redusert?

– Det er beklageleg at det blei slik. Vanlegvis er me innanfor kontrakten, men det har vore utfordrande når to av ferjene våre er ute av drift, ei på grunn av planlagd vedlikehald og ei på grunn av teknisk svikt, seier Fuglem Tennås.

Ferjesambandet skal ut på anbod til hausten, men trer ikkje i kraft før 2018.

– Det er altfor lenge for oss å vente på ein sikker forbindelse. Ekstratiltak må inn med ein gong, og i tillegg må ein sjå nøye på kva krav ein stiller i neste anbodsrunde, seier Klepsvik.

LES OGSÅ: Austevoll krev fastlandssamband