– No har eg det veldig fint. Smiler og ler. Syns det gjekk veldig fint. Me hadde kontroll på det meste. Det var heile tida ein av oss som kunne svaret, seier Hans Haaland. Med seg på laget hadde han Olav Joen Bogetvedt og Bjørnar Sæle. Ein heilt spesiell utvald trio av dei 320 elevane på Knarvik ungdomsskule.
Skulen skriv seg inn i historiebøkene som den første skulen nokon gong i Hordaland som får 12 av 12 rette i Klassequizen.
– Kjempegøy, gliser Bjørnar.
Knarvik blei den 6. skulen i landet som klarer full pott i Klassequizen 2012/2013.
Konkurransen går føre seg i radiosendingane til NRK Hordaland. Fire onsdagar før jul, og mandag og onsdag nokre veker etter nyttår. I morgonsendingene kan du få med deg konkurransen mellom klokka 08.30 og 09.00. Når den første skulen har gitt sine svar, går turen vidare til neste skule og 12 nye spørsmål der. Dette blir gjort i opptak som blir sendt kl. 15.15.
Dei to skulane med høgast poengsum går vidare til fylkesfinalen i februar. Vinnaren stikk av med 5000 kroner til klassekassa, og får spandert på seg tur og opphald til landsfinalen som blir sendt på NRK1 (TV) laurdag 11. mai 2013.