115 mill dyrare enn planlagt

Rassikringsprosjektet i Deildo i Ullensvang vert 115 millionar kroner dyrare enn planlagt, skriv Hardanger Folkeblad. Prosjektleiar Terje Dagestad i Statens vegvesen seier at overskridingane kjem som fylgje av spesielle geologiske forhold – noko som har gitt trong for mykje større omfang av sikring – både arbeidssikring og permanent sikring.

Riksveg 13 ved Deildo - nytt bilde
Foto: Tale Hauso / NRK