Hopp til innhold

Ikkje trygg is lenger

Det er ikkje lenger trygt å bevege seg ut på islagde vatn i Bergen, opplyser kommunen. Sjølv om fleire vatn kan sjå trygge ut å ferdast på, gjer omslaget til mildare vêr og nedbør at ingen av dei 31 vatna i kommunen er farbare. Kommunen ber folk følge skilta og vise omsyn til sperringane.