Hopp til innhold

Vil fengsle mann for 29 forhold

Politiet ber om fire veker i varetekt for ein 44 år gamal mann som er sikta for vald, vinning og narkotikakriminalitet. Mannen vart arrestert i Bergen sentrum på tysdag. – Han vart arrestert i samband med eit mindre tjuveri, og skal ha slått til ein tilsett i butikken i då tjuveriet vart oppdaga. Totalt er det snakk om 29 forhold, mellom anna kroppskrenking, tjuveri, lekamsskading, bedrageri og narkotika, seier politiadvokat Vibeke Diseth.